Hopp til innhold

LEIKANGER: Mindretalet røysta som Aksel

Innbyggjarane i Leikanger er klare i sitt råd til politikarane. – Sogn kommune er dødt, vedgår ordførar Jon Håkon Odd (Ap).

Aksel Mellingen

RØYSTA FOR: Aksel Mellingen plukka fram JA-setelen for å gi si støtte til ein storkommune i Sogn. Det gjorde også 404 sambygdingar.

Foto: Anja Hamre

Seks av ti seier nei til kommunesamanslåing i Leikanger kommune. Det er klart etter folkerøystinga måndag.

Medan 676 røysta mot ein storkommune, røysta 405 personar for kommunesamanslåing. Valdeltakinga var 60 prosent.

Laster innhold, vennligst vent..

– Overraskande resultat. Ut frå min vennekrins verka det for å vere stemning for storkommune, så eg er overraska over at det vart nei, seier Aksel Mellingen.

Røysta for

– Det seier kanskje litt om skilnaden hos aldersgrupperingar. Kanskje er dei eldre meir konservative og mindre klare for endring, meir eller mindre undrar han.

Mellingen var ein av 1.098 innbyggjarar som nytta høve til å seie si meining om framtidas Leikanger. Skulle dei slå seg saman med andre, eller stå åleine? Fleirtalet landa på det siste.

Askedalen barnehage

PÅ BESØK: Askedalen barnehage på besøk i vallokala under den ordinære folkerøystinga i Leikanger.

Foto: Lillian Bruheim

– Litt overraskande at det vart eit så tydeleg resultat, men eg er glad for eit så klart svar frå innbyggjarane, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap).

Sogn lagt død

Ordføraren har ivra for ein storkommune i Sogn, men innbyggjarane ville ikkje høyre.

Jon Håkon Odd (Ap), ordførar i Leikanger

IVRA: Ordførar Jon Håkon Odd håpa på storkommune i Sogn, men er nøgd med prosessen som resulterte i stort oppmøte og klart svar frå innbyggjarane under folkerøystinga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Når også Vik seier nei, Balestrand seier knapt ja og Sogndal seier ja, trur han ikkje det blir noko storkommune i Sogn.

– Det er ingen tvil om at frykta for Sogndal og eit sterkt regionsenter har vore utslagsgjevande. Folk fryktar sentralisering av tenester, at Leikanger blir salderingspost til fordel for tenester i Balestrand og Vik, og at folk er redde for eiga deltaking i lokalsamfunnet i framtida, seier Odd.

– Staten går ikkje under

Mellingen rådførte seg med familie og vener, og landa på eit ja til samanslåing med Balestrand, Vik og Sogndal.

Det gjorde også 404 sambygdingar.

– Mitt inntrykk er at det vil skje før eller seinare, og at vi vil miste ein del pengar om vi ikkje går saman med andre kommunar. Men eg trur nok ikkje det blir statens undergang om det ikkje blir samanslåing likevel, seier han.

Ville røyste

– Som ungdom er eg oppteken av følgjene for skulesystemet og kor mykje pengar som blir att til ungdomen, seier han.

At han skulle røyste, var han aldri i tvil om.

– Det har litt å seie for mi framtid også, men så er det slik at dei ulike sidene alltid hevdar å vite best. Då er det ikkje alltid like godt å vite. Men så veit ein ikkje sikkert kva som skjer om det blir storkommune eller ikkje, legg han til.