Hopp til innhold

Leikanger kommune må kutte

For å få balanse i økonomiplanen har eit samrøystes formannskap i Leikanger gått inn for kutt i drifta som svarar til åtte heile stillingar. I tillegg ønskjer dei å auke eigedomsskatten, skriv Sogn Avis. Kommunen har levd over evne over tid, noko som har tært hardt på fondsmidlane.