Hopp til innhold

Leikanger kan få 25 nye statlege arbeidsplassar

Regjeringa vurderer å oppretta ei ny statleg eining som skal ha ansvaret for valavviklinga i Norge. Leikanger kjempar mot Brønnøysund og Tønsberg om å få den nye avdelinga.

Olav Lunden

VIKTIG: Ordførar Olav Lunden er klar på at ei ytterlegare styrkinga av arbeidsplassane på Leikanger er viktig.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er ei viktig sak for både Leikanger og Sogn. Dette er kompetansearbeidsplassar, og ei utvikling av det miljøet vi har. Det er mange arbeidsplassar, men også spennande arbeidsplassar, seier Leikanger-ordførar Olav Lunden.

Lunden mobiliserer for at kommunen skal få om lag 25 nye statlege arbeidsplassar. Regjeringa vurderer nemleg kvar dei skal plassera ei ny statleg valeining som skal få ansvaret for å gjennomføra vala i Norge.

Kjempar mot to andre

Tre plassar blir greidde ut av eit privat konsulentfirma – Brønnøysyndregistra i Brønnøysund, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i Tønsberg og Direktoratet for forvaltning og IKT – DIFI – på Leikanger.

Erfaringa frå liknande statlege etableringar på Syrstrond er god, seier Lunden.

– Det var nok ein viss skepsis då vi starta på Difi-utviklinga, men det gjekk greitt å skaffe fagfolk. Det var greitt å få folk til å etablere seg, og det er stabile miljø, seier Lunden.

Lite å hente på administrasjon

I dag er valavviklinga direkte underlagt Kommunal- og regionaldepartementet. Norge har fått internasjonal kritikk for ei for tett kopling til det politisk maktapparatet.

Det er ei viktig sak for både Leikanger og Sogn. Dette er kompetansearbeidsplassar, og ei utvikling av det miljøet vi har.

Olav Lunden

Regjeringa ønskjer difor å laga ei meir uavhengig valeining som skal samlokaliserast med eit anna statleg forvaltningsorgan, for å spara administrasjonsutgifter og trekkja vekslar på relevante fagmiljø.

– Vi har lite administrative funksjonar på Leikanger, så det er lite å hente på ein veldig tett samlokalisering, seier konstituert direktør i Difi, Vivi Lassen.

Navarsete vil ikkje kommentere

– Men å utvikle eit godt fagleg miljø på Leikanger, med andre statlege verksemder her på Leikanger, ser vi positivt på. Dei har jo eit utviklingsmiljø, og vi driftar jo ulike løysingar, så det er klart det er erfaringar her som kan vere nyttig for ei valeining å trekkje vekslar på, seier Lassen.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ønskjer ikkje å kommentera saka, fordi ho til handsaming i departement.

Spørsmålet er om plasseringa av valeininga blir avgjort før den raudgrøne regjeringa går av i oktober. Sogn regionråd har bede om snarlege møte med både Navarsete og administrasjonsminister Rigmor Aasrud for å leggja fram argumenta for Leikanger.

– Eg reknar med at det må kunne gå an å få ei rask avklaring. Men når og korleis det er mogleg, veit eg ikkje, seier Lunden.