Hopp til innhold

Sogndal leika seg tilbake på vinnarsporet

Med 11 strake kampar utan siger, trengde Sogndal sårt tre poeng heime mot Rosenborg-dødar Haugesund. Og fekk det.

Tim Nilsen mot Haugesund.

JAKTA: Tim Nilsen og Sogndal starta aggressivt og hadde ballen mykje mot Haugesund.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Heimelaget gjorde seks bytte i startelvaren i møtet med eit Haugesund-lag stinne av sjølvtillit etter sigeren over Rosenborg.

Etter 90 spelte minuttar var den vonde rekkja broten med 4-1 over Haugesund. Og fornya håp om å overleve i Eliteserien.

Aggressive

Sogndal har i haust måtte tole sterk kritikk for deffensiv haldning i spelet. Mot Haugesund var detn gamle Sogndal-filosofien nesten til å kjenne att, med stor angrepsvilje og høg aggressivitet. Dog ikkje alltid like presist spel.

Laster innhold, vennligst vent..

Allereie etter fire minuttar kunne det gjeve utslag då Tim Nilsen, i sin femte kamp frå start i år, la ballen til rette for Mahatma Otoo. Skotet frå 16 meter vart blokkert.

Nølande Udjus

Sogndal hadde ballen mykje før kvilen. Etter 11 minuttar sleppte storparten av dei 3.321 publikumarane jubelen laus. Ulrik Flo kasta seg fram og sette pannebrasken på Taijo Teniste sitt perfekte innlegg. Målet sendte Sogndal forbi Brann og opp på kvalifiseringsplass.

Kvarteret etter kunne Nilsen krona tilliten med å doble leiinga, då han vann ballen framfor ein utrusande Per Morten Kristiansen. Nilsen runda keeper, men den harde avslutninga gjekk rett i ein motspelar.

Hæla inn 2-1

Med den første trepoengarenn i sikte sidan Vålerenga 12. juni, kom Sogndal og Fosshaugane ned att på jorda minuttet før pause. Maic Sema runda ein nølande Kenneth Udjus, og sette ballen i nettmaskene. Sogndal var nede att på nedrykksplass.

Det stod seg ti minuttar ut i omgangen. Til Petter Strand fann ein møtande Nilsen med eit innlegg. Den tidlegare Nest Sotra-spissen hoppa til og hæla ballen like godt i tverrleggaren og inn.

Ny Nilsen-scoring

Etter ein roleg opning på andre omgangen, vakna kampen til live. Om Udjus var nølande på utlikninga til Haugesund, var han god på Sema si avslutning få minuttar etter.

Så steig stemninga i taket igjen. Flo plukka sjølv opp returen på ei knallhard avslutning. Frå dødlinja fann han Nilsen, som igjen fann nettmaskene med avslutninga. For fjerde gong i år.

Spelet bølgja fram og tilbake, med Sogndal hakket kvassare enn gjestene. Åtte minuttar før slutt melde også toppscorar Mahatma Otoo seg på med mål. Minuttar seinare avslutta han i stanga, med ingen Sogndal-spelarar med på returen.

Heimepublikumet gav Sogndal-spelarane trampeklapp på veg av bana.

Laster innhold, vennligst vent..