Leigesoldaten gjekk i bresjen for sjokksigeren

FØRDE (NRK): – Mathias var god, men eg vil seie Øystein Bergum var den beste i dag. Han gjorde ein kjempejobb for laget.

Jetmund og Mathias Berntsen

VAR KLAR: – Eg trefte berre ekstra godt i dag. Det var ei veldig god kjensle, seier Mathias Berntsen (t.h.). Pappa Jetmund vart imponert over innsatsen til heile laget.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Mathias Berntsen (22) snudde europacupkampen for Førde Volleyballklubb.

Men det må meir til for å imponere pappa Jetmund Berntsen.

– Mathias skaper mykje energi i dag. Det er bra, smiler han.

Mathias ville det annleis

Førde låg under då Mathias Berntsen vart kasta inn på i CEV-oppgjeret mot proffane til ukrainske Novator Khmelnytskyi. 22-åringen leverte servar assistenttrenar Jan Egil Tvinde knapt har sett maken til og var sterkt medverkande til at heimelaget til slutt drog i land ein råsterk 3-0-siger (25-23, 25-22, 25-23).

Førde volleyballklubb med historisk siger i CEV-cupen

SIGER: Førde volleyballklubb tok sin første siger i ein europacup over dei ukrainske proffane i Novator Khmelnytskyi.

Foto: Elisabeth Viken

– Serverunden i første sett snur kampen. Novator trur dei har kontroll og skal vinne kampen, Mathias ville det annleis, seier Tvinde og legg til:

– Eg har sett han serve fleire gonger i ulike kampar, men eg har aldri sett han serve så tøft og utan feil i ein så viktig periode.

Som ein stor familie

– Når du kjem inn mot eit slikt lag, så må du berre gå til og ta nokre sjansar. Noko anna er ikkje hjelp i, seier hovudpersonen sjølv.

Litt ekstra draghjelp fekk han frå nær heile familien blant dei 1.000 tilskodarane.

– Det er ekstra kjekt å kike bort for å få augekontakt og stadfesting på at du har gjort noko bra, gliser han.

– Men i dag var heile Førdehuset som ein stor familie, legg han til.

Tre kampar att

– Vi fungerte som eit lag alle saman. Mottaket var av ei anna verd, vi server bra og alle utanfor bana heiar oss fram. Då er det ekstra kjekt å vinne slike kampar, seier Berntsen som berre er i Førde ein kort periode.

Håvard Aarrestad og Mathias Loftesnes

POENGSANKAR: Mathias Loftesnes (t.h.) tok flest poeng av alle spelarane Førdehuset. Sogndølen enda til slutt på 15 poeng.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

22-åringen er son av tidlegare landslagsspelar Jetmund Berntsen og nevøen til tidlegare OL-spelar Merita Berntsen. Begge frå Naustdal. Søskenbarnet Anders Berntsen Mol er saman med makker Christian Sørum ranka som den beste sandvolleyballduoen i verda.

Også Berntsen spelar sandvolleyball. Sjølv om han gler seg til å komme tilbake på sandvolleyballbana, er det framleis tre kampar att som Førde-spelar.

– No er det berre å nullstille. Det er framleis mykje som skal gjerast. Vi må vinne 3–0 eller 3–1 der nede, seier han.

– Anna kamp i Ukraina

Der spår pappa Jetmund ein langt tøffare kamp. Kampen blir spelt onsdag.

– Bortebane er alltid vanskelegare i europacupen. Dei møter supporterar som løftar taket. Takhøgda er dobbelt så høg som her, så det blir eit litt anna spel. Men Førde har alle sjansar til å ta seg vidare, meiner han.

Før den tid ventar bortekamp mot Tromsø i kvartfinalen i cupen og treningskamp mot Koll. Neste helg blir to tøffe veker avslutta med returoppgjer i kvartfinalen.