Hopp til innhold

Leigeprisane på bygda overraska studentane

SOGNDAL (NRK): Studentane har igjen inntatt Sogndal og Førde. Sjølv om dei fleste alt har skaffa seg stad å bu, tykkjer fleire av studentane at leigeprisane i Sogndal er overraskande høge.

Lærartudentar Sogndal

FERSKE: Lærarstudentane har sett seg i skuggen utanfor kommunehuset i Sogndal. Leigeprisane i bygda var dyrare enn dei hadde trudd. Fv.: Bjørn Kristian Vines (19), June Lodden (19), Ingri Fanghol (23), Sturle Mandrup (18) og Markus Bredal (22).

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det var litt dyrare enn eg hadde trudd. Eg begynte tidleg å leite, men såg at leilegheitene forsvann fort. Det fører nok til at det er lettare å seie ja til det tilbodet ein får utan å vere kritisk, seier Ingri Fanghol (23) frå Bergen.

Dei ferske lærarstudentane ved Høgskulen i Sogndal har funne seg vel til rette i studentbygda. Skisport og fjella er det som har lokka fleire av dei. Alle leiger privat og er fornøgde med å ha kapra eit husvære sentralt på studiestaden. Men leigeprisane og etterspurnaden på landsbygda overraska.

Starta bustadjakta i januar

– Eg har budd i Kristiansand i to år. Byen er større enn Sogndal, men prisnivået er nokolunde likt, fortel Fanghol.

Også medstudent Bjørn Kristian Vines (19) frå Øystese hadde ikkje venta at bustadmarknaden var så pressa i Sogndal.

– Vi begynte å leite etter leilegheit allereie i januar eg og sambuaren. Kvar gong det vart lagt ut noko interessant, forsvann den leilegheita innan vi rakk å få svar frå den vi hadde sendt førespurnad til. Og det kunne vere langt under eit døgn etter annonsen var komen ut, fortel Vines.

Har ikkje sansen for høg pris

Rundt 3800 studentar er på plass i Førde og Sogndal. Studentsamskipnaden SISOF har rundt 450 hybeleiningar å tilby til ein pris mellom 3000 og 4000 kroner.
Men dei fleste må ut på den private marknaden for å skaffe seg bustad.

– Dei aller fleste er veldig seriøse og kjekke utleigarar, men vi har nokre som er useriøse, seier Randi Marie Sjøholt, administrerande direktør i Studentsamskipnaden.

Randi Marie Sjøholt

SERIØS?: Nokre private utleigarar er useriøse, men dei fleste er seriøse, fortel Randi Marie Sjøholt i Studentsamskipnaden i Sogndal.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ho er redd enkelte private utleigarar tek alt for mykje i leige frå studentane som har rundt 7.500 kroner å rutte med i månaden.

– Mange har ein god pris på det dei leiger ut, men så har vi òg dei som leiger ut til altfor høg pris og dårleg standard. Det har ikkje vi i samskipnaden sansen for, seier Sjøholt.

– Men vi er veldig avhengig av den private marknaden. Dei har over 80 prosent av hyblane.

150 studenthyblar på veg

Studiestadane i Sogn og Fjordane manglar 309 studentbustader for å oppfylle Norsk studentorganisasjon sitt mål om å huse 20 prosent av studentane.

Sjøholt seier bustadsituasjonen i år er betre enn på mange år, og til neste år skal heile 150 nye studenthyblar stå klare i Sogndal.

Lærarstudentane tykkjer det er bra det kjem nye studentbustader.

– Med ein studentbustad har du ein trygg utleigar å forholde deg til som ofte kan vere risikoen når du leiger privat, seier Ingri Fanghol.

Nedrehagen Sogndal

NYE BUSTADER: I Nedrehagen i Sogndal skal det til hausten 2016 stå klart 150 nye studentbustader.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK