NRK Meny
Normal

Leigde inn ekstraferje frå konkurrenten

Norled leigde inn ekstraferje frå konkurrenten for å ta unna den forventa jule- og nyttårstrafikken på Lavik – Oppedal.

MF Oppedal

TAR UNNA JULE- OG NYTTÅRSTRAFIKKEN: Kaptein Bjørn Herdlevær på ferja «Oppedal».

Foto: Eirik Hildal / NRK

Sundag var siste dagen for dei som har nytt jule- og nyttårsferien til det yttarste. Måndag er det tilbake til striskjorte og havrelefse for dei fleste av oss. For dei offentlege kommunikasjonsmidlane som ferje betyr det gjerne ekstra trykk.

Norled som ved årsskifte tok over trafikken på ferjesambandet Lavik – Oppedal tok ingen sjansar.

– I dag har vi sett ei ekstra ferje, som Norled har leigd inn frå Fjord1, for å dekke opp for Ampere som ikkje er på plass enno, seier kaptein Bjørn Herdlevær på ferja «Oppedal».

For siste gong køyrer ein bil av ei Fjord1-ferje ved Lavik på Lavik-Oppedal-sambandet.

For dei som har venta på å kunne krysse Sognefjorden med verdas første batteridrivne ferje må smørje seg med tolmod enno ei stund. «Ampere» som ferja heiter let vente på seg men Norled har som mål at den skal vere på plass i løpet av januar.

For å ta unna den trafikken om «Ampere» skulle tatt, har Norled i dag i tillegg til å leige inn ei ekstra ferje, også ekstramannskap om bord på dei tre ferjene som går på sambandet sundag.

– I dag har vi sette ein mann frå kvar ferje på land for å ta billettar, slik at det berre er å køyre rett om bord og i land. Då blir det litt meir effektivitet i systemet.

Roleg dag

– Dagen i dag har vel eigentleg vore ganske normal. Det har ikkje vore det store trykket. Eg trur at sidan det har vore ein lang periode med fri så trur eg at folk har reist heim tidlegare.

Sjølv om det har vore nokre toppar i løpet av sundagen har dei klart å ta unna trafikkne, og ingen er blitt ståande igjen lenge.

Lavik ferjekai

INGEN VENTING: Trafikken gjekk radig på den nye ferkaien i Lavik.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det er kjekt med ferje, men det hadde vore betre med bru over Sognefjorden, seier ein mann med tydleg bergensdialekt, som ventar på å køyre om bord på Lavik.

– Men er det ikkje fint å kunne sette seg ned med i svele?

– Jo, men med ei bru så kjem ein raskare fram.

Litt lenger bak i same ferjekø sit ein mann med nordlandsdialekt som er nøgd med at han slepp å vente lenge i dag. Det har han opplevd meir ein gong når han har kryssa Sognefjorden, men sjølv om ventetida på kaien blei kort i dag blir det ikkje feiring med svele.

– Nei, eg har alt ete for mykje sukker i dag ler han i det han køyrer om bord.

Ny ferjekai

Før helga forsvann også den berykta flaskehalsen «Griserumpa» på E39. Den nye ferjekaien i Lavik har også fått nye nedkøyring.

– Det har fungert heilt fint, men som du ser så er det eit anleggsområdet og vi er vel førespegla at den skal stå klar på seinsommaren i år.

Den nye fergekaien i Lavik i Sogn er no opna, for å kunne ta i mot fleire biler, Dette eit av landets mest trafikkerte ferjesamband, og for å laga kaien, måtte vesentlege deler av bygda jevnast med jorda.

– Eg ser fram til at vi får det i orden, men så langt har det fungert, sjølv om det enno berre er to felt på Lavik-sida

Med berre to felt så er det trongt, men den nye nedkøyringsvegen er ganske lang og det hjelper på.

– Vi har sett tendensane til at køen samlar seg oppover i vegen, men så langt har vi ikkje opplevd at køen får forbi krysset i Lavik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser