Hopp til innhold

Allereie ved første slaget var Leif (75) bitt av basillen - no er han greenkeeper

– Det er vanskeleg. Ingen greier det heilt topp, seier Leif Årseth (75). Men som sjølvlærd greenkeeper gjer bonden sitt ytterste for at golfbana på Vassenden er så god som mogleg - både for seg sjølv og andre.

Leif Årseth

VANSKELEG: Det går på millimeterpresisjon når greenkeeper Leif Årseth held ved like golfbanen på Jølster.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Graset på greenen skal vere 3,7 millimeter. Fairwayen skal ha to centimeter, medan graset ved sidan av denne, roughen, skal vere sju centimeter.

Alt dette og meir til har Leif Årseth (75) både lært seg og praktisert. Og det utan å ta greenkeeperutdanninga.

– Greenkeeperar er alltid hyggelege, og når det kjem ein amatør og spør om råd, så får eg i søkk og kav. Eg har faktisk oppsøkt greenkeeperar kring om, og det er mykje å lære, seier han.

– Interessant yrke

Som greenkeeper har han ansvaret for vedlikehaldet av baneanlegget til Sunnfjord Golfklubb på Vassenden i Jølster. Tidlegare måtte ein til Sverige for å ta ei slik utdanning, men dei siste åra har også skular i Norge tilbode greenkeeperutdanning.

Årseth, som i tillegg er bonde, har på sommarstid ein god medhjelpar som steppar inn når han må ta seg av slåtten.

Leif Årseth

GREENKEEPER: Det er ikkje berre graset på golfbana Leif Årseth passar på.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det er først og fremst eit interessant yrke, og det passer så godt inn i det eg tidlegare ha drive med: å få graset til å gro og vekse. Det er nett det same som ein bonde driv med, seier Årseth.

For 75-åringen sin del vart han bitt av «golfbasillen» då bana på Vassenden skulle etablerast. Det var nok med eitt slag.

– Eg var med då dette kom på trappene og såg på ei bane i Hallingdal. Eg prøvde eitt slag og trefte på første forsøket. Då var det gjort, humrar han.

Slik vart ni til 18 hol

– Men det ligg faktisk ein enorm helsevinst i dette. Du brukar alt. Til og med tankane når du går rundt her. Henden, føtene, svingar og bøyer deg utan eit gymnastikkprogram, held han fram.

Bana på Jølster er eigentleg ei niholsbane, men med dobla utslag så kan ein spele den som ei 18-holsbane. Gjennom sesongen blir det nokre kilometer på «altmoglegmaskina» for Årseth.

(Artikkelen held fram under videoen)

Leif Årseth fortel om det viktigaste med vedlikehaldet av greenen.

SJÅ VIDEO: Leif Årseth fortel om det viktigaste for vedlikehaldet av greenen.

Den brukar han til å både å slå og finjustere graset, samt strø eit to millimeter tjukt lag med fin sand på greenane.

– Eigentleg burde ein vore her litt om vintrane for å fjerna is også, men frå midten av mars til november så er det full jobb, seier han.

Manglar ei oppskrift

Årseth seier seg samd i at det ikkje er i det mest golfvennlege klimaet at golfsporten har slått rot. Spesielt utsett er dei sårbare greenane for frost om vinteren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Leif Årseth (75) er sjølvlærd greenkeeper ved Sunnfjord Golfklubb.

SJÅ VIDEO: Greenkeeper Leif Årseth prøver seg på ein sving. (FOTO: Eldgrim Fossheim/NRK)

– Du ser, det er framleis nokre sår etter fjorårets katastrofe, seier han og legg til:

– Dei har funne oppskrifta på den perfekte greenen, men ikkje den perfekte oppskrifta på korleis dei skal behandle gras for å gå inn i ei overvintring som kan vere ganske tøff. Å behandle greenane så dei kan leve vidare er vanskeleg. Ingen greier det heilt topp.

– Sosialt

Det har vore ein strålande sommar for både fjellturar og strandturar. Like strålande har sommaren vore for golfarane som har fått seg mange seine kveldar golfbana i Jølster.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sunnfjord Golfklubb

POPULÆRT: Lars Sæterdal, Harald Øygard og Morten Dahlgren har sine faste golfdagar på onsdagane.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det er sosialt. Om du ikkje løyser dei, så kan du i alle fall vere innom verdsproblem. Og her går du saman med 25-åringar, 10-åringar og 12-åringar. Har vi ikkje anna å snakke om, så har vi ei felles interesse å snakke om: det å treffe den ballen, humrar han.

Trivast godt

Harald Øygard, Lars Sæterdal og Morten Dahlgren

SKRØNER: Godt humør og gode historier er noko Harald Øygard, Lars Sæterdal og Morten Dahlgren utvekslar på sine golfdagar.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Tre som har nytt godt av Årseth sitt arbeid er Lars Sæterdal, Morten Dahlgren og Harald Øygard. Dei har sine faste speledagar på onsdagar.

Dagen i dag var ingen unntak. Sæterdal fekk sjølv sitt første golfsett som 70-åring. No er han nær 84 år og trivast godt på golfbanen.

– Det er koseleg. Fint sosialt samvær og kjekt. Så bløffar vi litt, seier han og brått blir skulda av sine medspelarar for å vere den største skrønaren.

– Det går i kor godt vi spelte førre gang vi spelte åleine, storskrattar Øygard.