Hopp til innhold

Leiaren delar suksessoppskrifta

Resultata den vesle klubben leverar gjer at ein begynner å lure på kva oppskrift Markane Idrettslag sit på. Leiaren gjev deg svaret.

Tarjei Bø

VERDENS BESTE: Tarjei Bø går for Markane Idrettslag.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Tarjei Bø er allereie krona som verdens beste skiskyttar i år med samanlagtsiger i verdenscupen og 3 gullmedaljer i VM.

Men bak han er det utøvarar som sankar medaljar i søkk og kav.

Eit kort samandrag av sesongen viser dette:

  • Johannes Thingnes Bø: vinnar av norgescupen for 18-åringar. 2 gull i jr. NM i skiskyting og gull i jr. NM i langrenn, tok eitt gull og eitt sølv under ungdoms-OL,
  • Johan Eirik Meland: vinnar av norgescupen for 17-åringar. Gull i jr.-NM i jaktstart.
  • Jarle Midthjell Gjørven: Fjerde plass i norgescupen, jaktstart-gull i jr.NM
  • Lars M Gjørven: vann HL Normal for 16-åringar.

Klubben i Stryn kommune har rundt 315 medlem. Ikkje mykje for ein klubb som leverar resultat heilt i toppen.

Eventyrleg

- Det er heilt eventyrleg. Bortimot utruleg, jublar leiar i Markane Idrettslag, Eldbjørg Hatledal.

- Trur ikkje eg tek munnen for full om eg seier at det ikkje er mange idrettslag som kan skilte med noko liknande, seier ho.

Johan Eirik Meland i sporet

BEST I 17-ÅRSKLASSEN: Johan Eirik Meland

Foto: John Roger Meland

Oppskrifta på suksessen delar ho gjerne med andre. I botnen ligg ein puslespel av mange små bitar som heng saman.

Suksessoppskrifta

- Det aller viktigaste av dei ingrediensane i den oppskrifta er utøvarane sjølve, seier leiaren.

- Den avgjerda dei har teke om å bli så gode som dei kan, om å vere i Norgestoppen og også i verdenstoppen er heilt avgjerande, seier ho.

- Dei har sett sine mål og er villege til å legge opp livet sitt etter den målsettinga dei har.

Slo Bjørndalen sin rekord

Ein av dei som verkeleg har vist at han er Norges største skiskyttartalent veslebror til verdens beste skiskyttar, nemleg Johannes Thingnes Bø.

I Norgescupen for 18-åringar har han vore totalt overlegen, og står med berre sigrar.

Johannes Thingnes Bø

SUVEREN VINNAR: Johannes Thingnes Bø

Foto: Vik IL

- Eg har hatt ein veldig god sesong, og står med full pott. Det er ikkje så ofte det skjer, vedgår Thingnes Bø.

- Korleis føles det?

- Det er kjekt å vinne, eg føler eg har trena godt og gjort det eg skal. Men at eg skal vere så suveren som eg har vore, skjer vel ikkje igjen, seier Thingnes Bø.

Han klarte det ikkje ein gong Ole Einar Bjørndalen klarte. Nemleg å ta sju strake sigrar i cupen. Bjørndalen sin gamle rekord var ”berre” fem.

Viktig arbeid i kulissane

Men det er også mange ting i kulissane som spelar ei viktig rolle for resultata klubben leverar. Hatledal dreg fort fram anlegget på Ullsheim.

1,3 meter snø på Ullsheim

ULLSHEIM: Tilbyr snø mange månader i året.

Foto: Klemet Bø

- Vi har eit skiskyttarstadion i topp klasse.

- Med ein vinter på seks, sju månader kan ein trene mykje på ski, i tillegg til å drive med skytetrening heile året, seier Hatledal.

I tillegg peikar ho på samarbeidet med idrettslinja ved Stryn vidaregåande og Sogn og Fjordane fylkeskommune som viktig.

Heilt umogleg utan foreldre

Til slutt i suksessoppskrifta dreg idrettsleiaren fram foreldra.

- Det hadde vore heilt umogleg å få dette til utan foreldre og føresette.

- Dei satsar helg etter helg, dag etter dag og er med ungdomane rundt omkring i heile landet.

- Og så sjølvsagt talent, smiler Hatledal.

Som ikkje trur storheitstida til Markane idrettslag er over.

På veg nordover

No førebur både Tarjei og Johannes Bø seg på NM i skiskyting i Målselv. Yngstemann Bø trur han har størst sjansar på sprint og jaktstart.

- Vanskeleg å seie nokon konkret plassering, men eg har lyst til å gå fort og skyte godt, så få vi sjå kva det helde til, seier han.

- Ser du fram til duellen mot storebror?

- Ja, det blir kjekt å sjå kor lista ligger hen, kor langt bak eg ligger.

- På ein god dag kan det bli topp ti plassering, då er eg veldig godt fornøgd, seier Thingnes Bø.

Fest

I Markane førebur dei seg til det Hatledal kallar eit ulideleg spennande NM.

Etterpå vert det fest.

- Vi veit ikkje heilt kva tid Tarjei kjem heimatt, mne då vert det uansett stor fest, seier Hatledal.