Hopp til innhold

Leiarar her i fylket tener mindre

Årsløna til ein leiar i Sogn og Fjordane ligg i snitt på 709.000 kroner. Dette er nesten sju prosent lågare enn ei gjennomsnittleg leiarløn i Hordaland, ifølge Norsk Ledelsesbarometer 2018 frå arbeidstakarorganisasjonen Lederne. På landsbasis er den gjennomsnittlege leiarårsløna på 738 600 kroner.