Hopp til innhold

Leiar for studentunion på tyrkisk terrorliste

Studentorganisasjonen ho leier er terrorlista av ein tyrkisk tenketank. No fryktar Shayan Wasta (22) for sikkerheita til familie og venner.

Leiaren av Kurdisk Student Union i Bergen, Shayan Wasta

UROA: Leiar for Kurdistan Student Union i Bergen, Shayan Wasta, fortel at fleire medlemmar i unionen er redde for kva som kan skje dersom dei dreg til Tyrkia.

Foto: PRIVAT

– Folk lyt få augo opp for kva som faktisk skjer, seier Shayan Wasta frå Måløy i Sogn og Fjordane, som har kurdisk opphav.

Saman med dei andre medlemmane i organisasjonen Kurdistan Student Union i Bergen har ho hamna på ei liste over det tyrkiske myndigheiter ser på som «støttespelarar av den kurdiske terrororganisasjonen PKK».

Wasta understrekar at studentorganisasjonen ikkje har nokon politisk tilhøyrsel.

I takt med Tyrkia si militære opptrapping er ho no bekymra for ringverknadane dette kan ha for medlemmane av organisasjonen.

LES MEIR: Donald Trump har innført sanksjonar mot Tyrkia.

– Ikkje ein politisk organisasjon

Lista over dei påståtte terrorsympatisørane inngår i ein rapport som er laga av den tyrkiske tenkjetanken SETA, som har tette band til tyrkiske myndigheiter.

LES MEIR: Tyrkia henger ut 120 nordmenn som terrorist-venner (ABC Nyheter).

Lista vart fyrste gong lagt fram i august, og tel om lag 120 nordmenn. Wasta skjøner ikkje kvifor hennar eigen organisasjon er på lista:

– I rapporten står det at me støttar PKK, men det stemmer ikkje. Me er ikkje ein politisk organisasjon, og har ikkje vore med på å støtte nokon form for politikk offentleg, seier ho.

Mange i organisasjonen er no redde, seier ho.

– Det er studentar i organisasjonen som oppheld seg i Kurdistan akkurat no. Dei er bekymra for korleis dei skal komme seg tilbake til Noreg, og for at dei må mellomlande i Tyrkia.

– Ut av kontekst

Einar Wigen er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, og følgjer situasjonen i Tyrkia tett. Han seier rapporten ber preg av at den ikkje har offisiell status, men «står fram som ei tilfeldig liste med folk som har posta forskjellige ting på sosiale medium».

Det er likevel grunn til å uroe seg for kva rapporten kan brukast til, seier han:

– Litt av problemet med at rettsstaten forvitrar er at man ikkje veit kor grensa går. Me har sett i tyrkiske rettssalar tidlegare der ein tar ting som er skriven i ei anna samanheng, og brukar det som bevis. Det er dette som er eit faremoment her.

Tyrkiaekspert Einar Wigen

FAREMOMENT: Me har sett i tyrkiske rettssalar tidlegare der man tar ting som er skriven i ei anna samanheng, og brukar det som bevis. Det er dette som er eit faremoment her, seier Einar Wigen.

Foto: Universitetet i Oslo

– Må legge press på Tyrkia

Sjølv om ho har fått forsikringar frå sine reisande medstudentar, så fryktar Wasta for kva som kan skje med venene dersom konflikten mellom Tyrkia og kurdarane eskalerer.

– Det internasjonale samfunnet må legge press på Tyrkia.

Denne lista rammar verst dei som har familie i Tyrkia. I verste fall får dei kanskje aldri sjå dei igjen.

NRK har vore i kontakt med den tyrkiske ambassaden, som i sin tur viser til SETA. SETA har ikkje svart på NRK si førespurnad.