Øvre Årdal. Foto: NRK
Dei opplever no at dei ikkje klarar å rekruttere kompetente medarbeidarar, fordi folk fryktar at heile bygda skal leggjast ned.
- I 2000 omsette vi 42 millionar og i 2005 omsette vi for 89 millionar. Det seier Anders Seim i HMR Hydeq.
Suksesshistorier som HMR Hydeq stemmer dårleg med det generelle inntrykket av Årdal.
Lei einsidig fokus
Også Årdal Stålindustri går så det susar. Dagleg leiar Ståle Øvstetun er lei det einsidige fokuset på at ein av Hydro sine tre elektrolysehallar skal leggjast ned.
- Folk som les og høyrer om Årdal i media trur at denne plassen skal stengjast, og dei vil ikkje satse framtida her. Vi har eit konstant rekrutteringsproblem, og det er mange andre bedrifter som har det same problemet, seier han.
- Har gått for langt
Arild Ingar Lægreid. Foto: NRK
Ordførar Arild Ingar Lægreid har hatt som jobb å understreka alvoret situasjonen når Hydro legg ned fleire hundre arbeidsplassar. Men når lokalavisa Sogn Avis skriv om Årdal sitt elendige rykte, innser han at pendelen har svinga for langt.
- Framleis skal Hydro halde fram med stor produksjon i generasjonar framover. Viss vi ikkje klarer å formidle dette, så har vi eit stort problem, seier Lægreid.
- Ikkje lett
Det kan Anders Seim i HMR Hydeq skriva under på.
- Det å skaffe dei rette folka, ikkje minst utflytta årdøler, er ikkje lett når vi har det fokuset som vi har, meiner han.