Hopp til innhold

Lei negativ pressedekning

Politikarar i Vågsøy er lei den negative pressedekninga av Tall Ships Races.

Tall Ships Races, Måløy

Vågsøypolitikar meiner media einsidig har fokusert negativt etter Tall Ships Races i Måløy.

Foto: unknown

Arbeidarpartipolitikar Helen Hjertaas meiner media einsidig fokuserer på det negative ved underskotet på 15 millionar kroner.

Fokuserer negativt

Helen Hjertaas i Vågsøy Ap

Helen Hjertaas i Vågsøy Ap meiner media har fokusert negativt etter Tall Ships Races.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Det synst eg.

- Korleis det?

- I forhold til korleis media ønskjer å fokusere på saker så har det jo vore mykje negativ omtale. Og det har jo vore omtale nærast kvar veke i media, forklarar Hjertaas.

Store oppslag

Vågsøy kommune tapte 15 millionar kroner på seglskutefesten etter at dei ansvarlege hadde lova full kontroll. I ettertid har skandalen fått store oppslag både i lokale og nasjonale media.

I går lukka formannskapet i Vågsøy møtet fordi dei ville drøfte spørsmål kring arrangementet. Dette stod ikkje på sakslista og kan vere i strid med kommunelova.

Nødvendig å lukke møtet

Ordførar Roger B. Silden er sjølv usikker på om han fylgde lova men meiner situasjonen er så alvorleg at tilhøyrarane måtte kastast på gangen.

- Eg vil ikkje garantere for verken det eine eller det andre. Men eg følte berre at no må vi setje oss ned å snakke om dette her så opent og greitt som overhovud mogleg. Eg føler eg må få lov til å snakke med formannskapet mitt om dette, når dette er slik at det faktisk går på kommunen sitt omdøme.

- Media har ansvar for svekkja omdøme

Partikollega Hjertaas meiner media har eit ansvar for at omdømmet til kommunen er svekkja.

- Det er jo trist for kommunen. I utgangspunktet var det jo det eit godt arrangement. Bortsett frå at vi hadde økonomiske problem var det veldig mykje positivt som kunne bidrege til å gi Vågsøy mykje positiv omtale, seier Hjertaas.

- Vi må rydde opp

- I ettertid så har dette vore noko av det media har valt å fokusere veldig negativt på. Det vil ta tid før vi får bygd opp att ryktet til kommunen. Men sjølvsagt er dei ei alvorleg sak og vi må rydde opp i den og lære av feila vi har gjort. Men det går an å fokusere på positive ting og, seier Hjertaas.