- Klubben brukar svært mykje tid på dette, og fleire overgangar har også gått i vasken på grunn av useriøse agentar, seier Fylling.
Vart narra
Trond Fylling er ikkje ukjent med agentar som både lyg om kvaliteten på spelarar eller som seier dei representerer spelarar dei aldri har møtt. Nyleg vart han og Sogndal Fotball sjølv lurte då dei trudde dei hadde sikra seg ein solid spelar frå Polen.
Direkte kontakt
Fylling har lært seg å leve med dei useriøse agentane som han meiner florerer i marknaden. Han presiserer at det stort sett er snakk om agentar frå utlandet. Likevel tar dette svært mykje tid, og for Sogndal hastar det etter kvart med å finne nye spelarar før overgangsvindauget stengjer igjen.
Sogndal Fotball prøver no i større grad å ha meir direkte kontakt med klubb og spelar.