Hopp til innhold

Lei av pølser og kotelettar på grillen?

No nærmar grillsesongen seg, og NRK-kokken Steinar Lindstrøm gjev deg nokre tips til korleis du kan piffe opp grillmiddagen litt.

grilltips

– Det er ikkje noko gale med pølser, men det kan jo vere greit å variere litt. Og det treng ikkje å vere så veldig avansert, seier Steinar Lindstrøm.

NRK-kokken trur kva ein har på grillen handlar mykje om vaner, og at ein gjerne ikkje kjem på noko anna enn pølser eller kotelettar når fineveret først er der. Då gjeld det å hugse på at det meste kan gå på grillen.

– Fisk er fint på grillen. Pensle litt klippfisk med olje, til dømes. Lag ein salsa med hakka tomater, litt tomatpure og litt sukker og ha brød ved sidan av. Enkelt og greit.

hjortekjøt

HJORTEKJØT: er godt på grillen, og ein fin variasjon til kotelettane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Om du heller vil ha raudt kjøt, kan Lindstrøm tilrå å byte ut sommarkotelettane med hjortesteik.

– Hjortesteiken går rett på grillen med litt olje. Steik poteter og gulerøter ved sidan av, og ha ein viltsaus klar.