– Slutt å klag og ta heller godt imot turistane

Svein Inge Fosse har gjort fiskeribygda Kalvåg til turistattraksjon. No har han fått nok av klaging i media om masseturisme, og ber folk heller ynskje turistane vel møtt.

Svein Inge Fosse

ROM FOR TURISTAR: Svein Inge Fosse meiner lokalsamfunna må legge til rette for turistane og skape arbeidsplassar.

Foto: Kjell Aga Ulvestad

– Det er jo ikkje sjørøvarar som kjem. Vi må sjå på moglegheitene og ikkje berre problem, seier Fosse.

Fleire stadar er folk lei av for mange turistar i naturperlene. I Hoddevik ber pensjonat-eigar staten om å slutte å marknadsføre bygda. Ordføraren i Flakstad i Lofoten meiner turistane ikkje bør få vere overalt. I Bergen klagast det over feilparkerte bubilar, og redaktøren i Fiskeribladet Fiskaren vil nekte turistar å ta med fisk heim. I Geiranger på Sunnmøre er turist-avføring ein nærmast årleg krangel.

Svein Inge Fosse

LØYSINGSORIENTERT:: Kvar sesong kjem fleire tusen båtar til gjestehamna i Kalvåg, der Fosse i tillegg har 200 sengeplassar.

Foto: Kjell Aga Ulvestad

Fosse meiner folk bør ta ein fot i bakken og heller vere meir løysingsorienterte.

– Det er snakk om nokre få veker i året vi har mykje turistar her til lands, seier han.

Vil ha ekstra toalett, dusjar og parkering

Svein Inge Fosse har investert 150 millionar kroner i restaurant, småbåthamn og overnatting i den idylliske grenda mot storhavet. Kalvåg i Sogn og Fjordane er kåra blant dei beste gjestehamnene på Vestlandet.

– Mange av problema med reiseliv er sjølvlaga av lokalsamfunn som ikkje legg til rette. Det er ikkje haldbart at folk må springe bak buskene og gjere frå seg, i slike tilfelle er det elendig jobb lokalt, seier Fosse.

I fylgje Fosse handlar det om løysingar. Nyleg arrangerte bygda festival med 7500 vitjande over tre dagar.

– Her har vi ekstra toalett og dusjar til båtfolk og campingfolk heile året. Andre stadar kan bønder kanskje lage plass til campingvogner, seier han.

Kalvåg kystfestival 2019

FESTIVAL: Kalvåg kystfestival hadde rekordmange besøkande i år.

Foto: Vidar Furnes

Fosse peikar på at reiselivet i utkantane betyr inntekter, arbeidsplassar og kulturtilbod.

– På grunn av inntektene om sommaren kan ein halde opent heile året.

– Turistane drit i hagane

Lofoten er saman med fjordbygdene på Vestlandet blant stadane som har mest turistar.

Ordførar i Flakstad Hans Fredrik Sørdal (Ap) er blant dei som bekymrar seg.

– Naturen klarer ikkje å ta seg inn igjen, når lokalbefolkninga går seg lei og blir pressa vekk må vi ta nokre diskusjonar, seier han.

Sørdal understrekar at reiselivsnæringa er viktig, men vil ha større kontroll over korleis turistane ferdast. No gjer allemannsretten at folk ferdast fritt i utmarka.

– Folk campar på kyrkjegardar, det er noko av det mest respektlause. Folk opplev også at turistar gjer frå seg i hagane, seier Sørdal.

Sørdal seier turistsesongen i Lofoten går heile året.

hansfredriksordal

BEKYMRA: Hans Fredrik Sørdal trur menga turistar sprenger naturen si bereevne.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

– Bilutleigefirma aukar med 100 bilar årleg. Redningstenesta plukkar opp asiatiske turistar i grøfta om vinteren, og får det så travelt at dei må leige inn ekstrahjelp, fortel han.

Sørdal spør kven som skal ta rekninga for å bygge toalett, rasteplassar og parkeringsplassar.

– Ein må skape pengar for å dele pengane lokalt. Turistane skapar ikkje verdiar ved å bu i utmark, då har heller ikkje kommunen pengar til å bygge opp infrastruktur. Staten bygger heller ikkje betre vegar, ein må ha ein heilskapleg politikk på dette, seier Sørdal.

– Har ikkje alltid vore gode tider i Nordland

Fosse understrekar at han forstår det somme stadar kan gå for langt, men spør seg om situasjonen verkeleg er så ille.

– Det har ikkje alltid vore gode tider når det gjeld fråflytting i Nord-Noreg, no er det heldigvis gullalder i mange næringar. Det er klart om folk gjer frå seg i hagen, så er det trist, men kva har blitt gjort for å gi dei i det minste ein moglegheit til toalett? Nordmenn likar jo sjølve ordna forhold når vi er på ferie i utlandet, seier Fosse.