NRK Meny
Normal

Lei av å finne slike lam

Sauebonde Arne Øverås i Luster er lei av at lamma i distriktet blir tatt av ørn. Han meiner myndigheitene må gjere noko.

Utvendige skadar på ørnedrept lam

ØRNEDRAP: Slik ser det ut når kongeørn har drepe lam.

Foto: SNO-Aurland, Rovviltseksjonen

– Eg er lei av at myndigheitene sit tiltakslause og ikkje gjer noko med problemet. Det startar å få eit omfang som er uakseptabelt så her må myndigheitene kome på bana med tiltak, meiner Øverås.

Kongeørn finst i store delar av landet. Den held særleg til i fjellet i området rundt tregrensa. Sidan arten vart freda i 1971 har bestanden vakse og i dag finst det truleg mellom 2400 og 3100 individ. Øverås meiner myndigheitene må ta tak i saka.

– Det må kome tiltak som gjer at vi kan finne og felle nokre konkrete individ. Vi kan leve med kongeørn som tar eit par lam, men ikkje slik som no. I dag er det så godt som umogleg å få felleløyve på kongeørn, det kan ikkje fortsette.

Skadar på ørnedrept lam

BANESÅR: Biletet viser kvar ørnekloa har trengt inn i hjernen og gitt lammet banesår.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Fire bekrefta

Rein Arne Golf

STABILT: Rein-Arne Golf fortel at talet på bekrefta ørnedrap i fylket har vore stabil dei siste åra.

Foto: Arve Uglum / NRK

I år er det bekrefta fire ørnedrepne lam i Luster. Rovviltansvarleg for Statens naturoppsyn i Sogn og Fjordane, Rein-Arne Golf, seier det er om lag som vanleg.

– Vi har registrert fire i Luster og også nokre elles i fylket. Det er om lag normal mengde, og statistikken har vore stabil dei siste ti åra.

Truleg fleire

Arne Rebni Øverås

FOR VANSKELEG: Arne Øverås meiner det burde vore lettare å få felleløyve på kongeørn.

Foto: Privat

Øverås forstår at Statens naturoppsyn må halde seg til dei tala som er bekrefta. Men han seier det ofte kan vere vanskeleg å få bekrefta kva rovdyr som har tatt lam og at mykje tyder på at det reelle talet er høgare.

– Eg trur absolutt talet høgare. Vi har funne mange dyr i område som tyder på ørn, og vi er fleire i området som saknar mange lam. Truleg er mange av desse daude.

Neste år

I Sogn og Fjordane skal det i utgangspunktet ikkje vere fast bestand av ulv, bjørn, jerv og gaupe, medan det er om lag 100 hekkande kongeørnpar. Det er Fylkesmannen som forvaltar rovviltbestanden og gir fellingsløyve.

Hermund Mjelstad har ansvaret for arbeidet, han seier dei skal sjå nærare på Luster.

Det er normalt at kongeørn tar eit og anna lam, men det blir sjeldan noko stort problem her. Men slik det har vore i Luster, der det truleg er fleire drap også utover sommaren, så vil vi nok sjå nærare på det neste sesong, seier Mjeldstad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.