NRK Meny
Normal

Slepp straff etter dødsulykke - politiet legg vekk saka

Ein 83 år gammal bilførar var tiltalt for aktlaust bildrap etter at ein 27 år gammal MC-førar omkom i ei trafikkulykke på E39 i Masfjorden. No er saka lagd vekk på grunn av helsa til bilføraren.

Dødsulukke i Masfjorden

OMKOM: Motorsyklisten omkom på staden i dødsulykka i Masfjorden 9. juni 2012.

Foto: Endre Hopland/Avisa Nordhordland

Det skriv bt.no.

Det var den 27 år gamle Trond Haugland frå Vassenden i Jølster som omkom i ulykka i juni 2012. Han budde i Fyllingsdalen, og var på veg nordover då ein personbil, som kom sørover, kryssa køyrefeltet hans for å køyre inn på ein rasteplass.

Haugland greidde ikkje å bremse opp eller svinge unna, dermed trefte han bilen, vart kasta av motorsykkelen og omkom på staden.

Skulle ha starta i går

Politiet tok i slutten av januar i år ut tiltale mot bilføraren for aktlaust drap, samt at mannen vart tiltalt for aktlaus køyring. Tiltalen hadde ei strafferamme på tre år.

Saka skulle starte i Nordhordland tingrett i går, men då kom det altså fram at saka er lagt vekk.

– Saka er lagt vekk på grunn av helsemessige årsaker, seier politiadvokat Jan Grahl-Madsen i Hordaland politidistrikt til bt.no.

Er letta over avgjerda

Politiet har vurdert 83-åringen til å ikkje vere strafferettsleg tilrekneleg på grunn av helsetilstanden.

Advokat Helge Hansen, som har vore forsvarar for 83-åringen, fortel at klienten hans er letta.

– Men eg understrekar at han og familien hans beklagar ulykka, og dei er svært lei seg for at motorsyklisten omkom, seier Hansen til avisa.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen