Hopp til innhold

Legg vekk saka mot Bolstad

Politiet vil ikkje starte etterforsking mot administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, om falsk forklaring.

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad.

LEGG VEKK: Politiet legg vekk saka mot administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Foto: Bård Siem / NRK

Vågsøy-legen Bengt Georén melde Bolstad for falsk forklaring under rettssaka som Sjukehusaksjonen i Nordfjord førte mot Helse Førde i Bergen tingrett .

Saka blir no lagt vekk.

– Dette er ikkje politiets bord, og vi finn heller ikkje å kunne bruke ressursar på dette, seier politijurist Helge Vigerust i Hordaland politidistrikt til firda.no.

Tapte rettssaka

Jon Bolstad uttalte i vitnemålet sitt at ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus i realiteten var avvikla. Aksjonen tapte rettssaka dei gjennomførde for å stogge nedlegginga av ortopediavdelinga på Nordfjordeid.

I politimeldinga peika Georén på at den siste operasjonen vart utført om lag ti dagar seinare og at det usanne vitnemålet kan ha hatt betydning for avgjerda til retten.

– Eg forstår ikkje kvifor han har meld meg. Den forklaringa eg gav i retten var ganske presis, så eg fryktar ingen sak på dette, sa Bolstad då.

Ikkje politisak

Ifølgje nettavisa meiner Hordaland politidistrikt at «det antas å ikke vere rimelig grunn til å undersøke om det foreligger straffbart forhold».

– Ein ting er ressursbruken, men sjølve forumet blir feil. Dette er ei arbeidskonflikt om sjukehusdrift, seier Vigerust til nettavisa og meiner saka ikkje er ei politisak, men er eit spørsmål om politikk og budsjett.