Hopp til innhold

Legg vekk planane om moské i Førde

Førde Islamsk Senter har lagt vekk planane om å byggje ein moské på Hafstad. Dei har ikkje tilstrekkeleg med midlar til å få bygd gudshuset.

Moské i Førde

FEKK TOMT HER: Førde Islamsk Senter fekk tilbod om å kjøpe ei tomt på Hafstad i Førde.

Foto: Førde Kommune

Det har i fleire år vore jobba med planar om ein moské i Førde, som skulle kunne samle muslimar frå heile Sogn og Fjordane. Etter mykje om og men fekk det menigheita i Førde tilbod om å kjøpe ei tomt mellom sentrum og sjukehuset.

– Etter alt å dømme så har Førde Islamsk Senter diverre ikkje tilstrekkelege midlar til å ta på seg eit prosjekt av så stort omfang og er nøydd til å takke nei til tilbodet, skriv Hasan Sharif i styret i senteret i eit brev til kommunen.

Sharif har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, men skriv i brevet til kommunen at saka om moské har vore ei nokså turbulent affære, og at dei ønskjer seg eit betre og ryddigare samarbeid med Førde i tida som kjem.

Fekk tilbod om tomt

Rådmann i Førde, Ole Johan Østenstad, tykkjer det er beklageleg at planane om moské ikkje blir realisert denne gongen. Han syner til at kommunen gav Førde Islamsk Senter eit tilbod om tomt, men at dei ikkje kan gå inn med økonomiske løyvingar til mosképrosjektet.

– Dei fekk ein frist til 31. desember 2014. Så har ikkje vi høyrd noko meir, og sende eit purrebrev no i sommar med ny frist 1. september. Vi tek no det til etterretning, men har tenkt å kalle inn til eit møte slik at vi kan diskutere dette med dei, seier Østenstad til NRK.

Vil halde dialogen i gang

Han meiner at påstandane om ein turbulent prosess mellom kommunen og senteret ikkje stemmer, og peikar på at det som har teke tid er arbeidet med reguleringsplan for området på Hafstad.

– Eg synest at vi har hatt ein så lang dialog og prosess med dei, så eg synest det er naturleg at vi set oss ned med dei for å sjå på om det er andre ting vi kan gjere eller avslutte dialogen som har vore. Berre rett og rimeleg at vi tek ein prat med dei, seier Østenstad.