Legg vekk narkoaksjon på skule

Spesialeininga for politisaker legg vekk klagen frå elevorganisasjonen etter narkoaksjonen på Flora vidaregåande skule i fjor. Det melder Bergensavisen. Saka engasjerte veldig. Spesialeininga meiner politiet hadde heimel for å gjennomføre aksjonen slik den var skildra i ordren, og legg den vekk som «intet straffbart forhold anses bevist».