Når det regnar på presten, dryp det på klokkaren, heiter det. Men i Fundo sitt tilfelle er det kanskje omvendt. For mens Fundo i realiteten ikkje lenger har noko å tape, er det lokale småbedrifter som no kvar dag legg ut store summar for å halde leveransane til Tyskland i rute.
Det største lokale firmaet som lever av Fundo er Per A. Øren Transport. Ei stund etter at Fundo stoppa utbetalingane var det på tale å stoppe all køyring til dei fekk oppgjer for utført jobb, men det vart snart klart at det ikkje fanst pengar å betale med, og at ein slik stans ville bety kroken på døra for heile fabrikken.
Dermed hadde ikkje transportørane noko val. Så lenge dei bidrog til å halde Fundo i live, hadde dei i alle fall eit håp om å få betalt det dei har til gode.
Men i følgje dei som har forhandla om Fundo si framtid, kan det hende at Fundo går konkurs på måndag, og då kan leverandørane sjå langt etter pengane sine. Men transportørane held hjula i gong. Kvar einaste dag går det ut store summar, pengar som dei kanskje aldri ser att.
Det som kan gjere ein slik situasjon dobbelt så vanskeleg, er om kreditorane til underleverandørane får panikk.
For det kostar pengar å halde bilane i drift, diesel, lønningar, ferjebillettar og bompengar renn ut anten Fundo betaler eller ikkje. Og dersom oljeselskapa byrjar å få mistanke om at dei kanskje ikkje vil få betalt, er det ikkje lenge før dei forlangar kontant betaling. Og den som då ikkje har pengar å legge på bordet, han er i store vanskar.
For Per A. Øren er ikkje det noko problem førebels. Sjølv om dei har over fire millionar kroner uteståande, har dei pengar så dei klarer å halde drifta gåande. Men det byrjar å røyne på no. Sjølv Per A. Øren kan ikkje halde ti vogntog på vegen i det uendelige utan å vite om han får betalt for det.
Per i dag er aktiviteten redusert til det aller mest nødvendige - å få felgane av garde til bilfabrikkane. Dagleg leiar Per Andreas Øren seier at han har råd til å halde på nokre dagar til, men då er det stopp.