NRK Meny
Normal

Først i fylket med dødsannonsar på nett

Kanskje litt makabert, kanskje litt rart – men dødsannonsar er viktig for folk, skal vi tru Truls Sylvarnes, redaktør i Porten.no. Derfor gjer nettavisa no dødsannonsar tilgjengeleg på nett.

Truls Sylvarnes er redaktør i Porten.no

TILGJENGELEG PÅ NETT: Nettavisa Porten.no vil no publisere dødsannonsar på nett, i samarbeid med Sogn Gravferdshjelp. Eit løft, meiner redaktør Truls Sylvarnes.

Foto: Privat

– Det er jo populært med dødsannonsar. Det er utruleg mange som abonnerer eller kjøper aviser berre på grunn av dødsannonsane, seier Truls Sylvarnes.

Han er redaktør i nettavisa Porten.no, som førre veke lanserte eit tilbod dei er ganske aleine om i fylket. For det er ingen av dei andre avisene i Sogn og Fjordane som publiserer dødsannonsar på nett.

Mange norske nettaviser gjer dødsannonsane tilgjengeleg digitalt, men Porten er altså først i fylket til å gjere dette.

Sylvarnes synst dette er eit bra løft for nettavisa, og vektlegg iveren til å gjere noko banebrytande.

– Eg hadde aldri sett det før i sommar. Eg tenkte det var litt banebrytande. Samtidig er det også viktig å tilby noko som eg veit folk er opptekne av.

Tilgjengeleg uansett kor du bur

Dødsannonsar på nett er eit samarbeid mellom Porten.no og Sogn Gravferdshjelp. Når nokon vil setje inn ei dødsannonse i ei avis, får dei tilbod om å gjere den tilgjengeleg også på nett.

– Det er kanskje nokon som tenker det er litt makabert og rart kanskje, men dette er framtida, det er gravferdsagenten og eg einige om, seier Sylvarnes, og understrekar at det framleis er gravferdshjelpa som har alt ansvar for dødsannonsane:

– Dei har fullstendig kontroll og avgjer korleis ting skal sjå ut og vert forma ut.

Det profesjonelle firmaet Adstate gjer annonsane tilgjengelege på nett. Mange aviser bruker det same systemet.

– Ein fordel med desse digitale dødsannonsane, er at du ikkje treng å kjøpe avisa for å sjå dei. No kan du sende ein link til slektningar som bur andre stader i landet, så kan dei sjå annonsen utan å kjøpe avisa, fortel Sylvarnes.

Det er gratis for lesarane å sjå og lese dødsannonsane på nettsida.

Ikkje eit tema

Å publisere dødsannonsar på nett, kjem nok Porten.no til å vere aleine om ei stund framover. I redaksjonane NRK har snakka med, er digital publisering av dødsannonsar stort sett ikkje eit tema.

– Vi kjem ikkje til å gjere noko umiddelbart, no har vi annonsane på papir. Det er uklart korleis den digitale verda vil sjå ut framover, men førebels er det ikkje noko vi har planar om, seier marknadssjef i Sogn Avis, Leif Lunde.

Heller ikkje Fjordenes Tidende, Firda tidend eller Fjordabladet har tenkt å gjere dødsannonsane tilgjengeleg på nettsida si.

Bjørn Grov

IKKJE PLANLAGT: Dødsannonsane er viktig for papiravisa, seier redaktør i Firda tidend, Bjørn Grov.

Foto: NRK

– Ein av grunnane til at folk framleis skal kjøpe papiravisa, er jo dødsannonsane. Det er jo noko av det viktigaste for folk, seier Bjørn Grov, redaktør i Firda tidend.

Han får støtte frå Tormod Flatebø i Fjordabladet:

– Det er ikkje noko vi har tenkt på. Avisene har jo ein e-avis-versjon, så det er ikkje noko i vegen for at du får sett dødsannonsane, uansett kor du er. Vi kjem til å halde fram med å ha dei på papir, seier redaktøren.

Tormod Flatebø

HELD FRAM MED PAPIR: Redaktøren i Fjordabladet, Tormod Flatebø, har førebels ikkje tenkt å gjere dødsannonsane digitale.

Men i ein redaksjon stadfestar marknadsleiaren at digitale dødsannonsar er eit tema:

– Vi ser jo at andre aviser har begynt med det, men vi har heldt litt igjen. Men vi veit at gravferdsbyråa gjerne vil at vi skal begynne med det, så det kan ende opp med digitale dødsannonsar på Firda og på Firdaposten sine nettsider, seier marknadsleiar Sander Ødelien i Firda.