Hopp til innhold

Legg ut 100 mål til nytt industriområde

To eigedomsselskap tilbyr å leige ut 100 dekar næringsareal langs Botnastranda i Florø. Rådmannen i Flora meiner dette vil bety mykje for kommunen.

Industriområdet ved Botnaneset i Florø

100 MÅL: Illustrasjonen viser kvar det nye industriområdet kan kommen. Biletet er henta frå ein presentasjon av prosjektet.

Området ligg i austenden av dagens base- og industriområde. Samstundes er Flora hamn i ferd med å starte bygging av ei 60 meter lang djupvasskai i område. Martin Ramsdal som er økonomisjef i Florø Mekaniske Verkstad, seier dei kan setje i gang på kort varsel.

– Vi legg ut dette området for å lodde stemninga etter at det i lengre tid har vore sagt at det er mangel på industriareal i Florø. Vi ønskjer no å sjå korleis interessa er i marknaden, så vurderer vi det deretter, seier Ramsdal.

Håper å bli attraktive

Ramsdal trur det vil bety mykje for industrien i Florø. Han håper dei vil trekkje til seg bedrifter i omlandet rundt.

– Kanskje kan vi trekkje til oss bedrifter frå bergensområdet eller Møre-regionen, seier han.

Området han og Knut Julnes i Julnes Eiendom vil leige ut, er stort og vil ha tilgang til den nye kommunale kaia som kjem i området. Difor trur Martin Ramsdal at det kan vere interessant for alle som vil ha tilgang på sjø. Han seier dei kan komme raskt i gang om dei får avtalar på plass.

– Ein månad etter at vi har fått første avtale på plass, skal vi vere klare til å starte ei utbygging av dei første 30 måla. Det er ingen som kan komme raskare i gang enn oss. Det er takka vere at kommunen har regulert området til industriformål og opna opp for å komme kjapt i gang, seier han.

Vil vere eit supplement

Bystyret i Flora gjekk i januar inn for at Fjord Base skal få utvide både i vestleg og austleg retning i Florø. Men motstanden var sterk blant mange med tanke på kor utvidinga skulle skje.

Ramsdal vil ikkje seie noko om konflikten hadde blitt dempa om deira område hadde blitt brukt.

– Det skal ikkje vi ha nokre spesielle formeiningar om. Oljebasen har sin logistikk og har argumentert med at dei treng utviding i forhold til den og at dei har spesielle krav til røyrlager. Det som vi tenkjer meir på, er at det er eit supplement til oljebasen og den andre industrien som er etablert i Florø, seier han.

Positiv rådmann

Terje Heggheim hjå NRK

ER POSITIV: Rådmann Terje Heggheim trur det nye området er viktig for Flora.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Flora-rådmannen Terje Heggheim seier det nye industriarealet vil bety mykje for heile Flora-samfunnet.

– Eg håper dette betyr noko positivt for utviklinga av Florøsamfunnet generelt. Området er mot aust og vil gi rom for nye bedrifter som kanskje ikkje er relatert til olje. Det er i så måte er positivt og i samsvar med det vi ønskjer, seier han.