Hopp til innhold

Legg tett lokk på ordførarkrangelen

Søndag var det ikkje mindre enn tre oppvaskmøte etter omfattande krangel og usemje i Vågsøy Arbeidarparti. Men kva som skjedde på møta vil dei ikkje fortelje.

Maurstad og Refvik

SAMDE OM TAUSHEIT: Lokallagsleiar Anne Lill Refvik Volle og ordførar Kristin Maurstad var begge temmeleg tause etter oppvaskmøtet søndag kveld.

Foto: Vågsøy Ap / NRK

Søndag kveld møttest først styret i lokalpartiet, deretter kommunestyregruppa og til slutt var medlemene i partiet kalla inn til eit felles møte. Kva som blei debattert under dei tre møta vil ikkje lokallagsleiar Tove Lill Refvik Volle seie noko om.

– Vi hadde eit godt møte der vi er samde om at vi har ordna opp internt og at vi ikkje ønskjer å kommentere det meir. Vi vil ha fred og ro til å drive politisk arbeid som er det vi skal drive med, er hennar kommentar til NRK søndag kveld.

Den interne striden i Vågsøy Ap slo ut i full blomst under sist kommunestyremøte. Der røysta ordførar Kristin Maurstad og gruppeleiar Frode Kupen for eit forslag frå Høgre og Venstre om ei avvikling av Holvik skule. Dette var stikk i strid med den politiske avtalen som sikra Maurstad ordførarklubba.

Dei andre Ap-representantane, Tove Lill Refvik Volle, Jostein Mykland, Roger B. Silden og Leif Magne Gil røysta for å behalde skulen – og sikra dermed eit fleirtal for dette, skreiv Fjordenes Tidende.

Frode Kupen gjekk av som gruppeleiar, og Kristin Maurstad måtte tole hard kritikk for at ho valde å bryte den politiske avtalen ho var vald på. Søndag kveld blei Leif Magne Gil vald til ny gruppeleiar.

Men kva som blei sagt på det fleire timar lange møtet i Vågsøy Ap søndag vil ingen av dei NRK har snakka med fortelje. Den vanlegvis så taletrengde ordføraren vil knapt stadfeste anna enn at det var eit møte.

– Vi er samde om at dette var eit internt møte, der stemninga var grei, seier Kristin Maurstad til NRK.

Den lokale partileiaren, Tove Lill Refvik Volle, skildrar derimot stemninga på møtet som god. Men ho har ingen andre kommentarar.