Hopp til innhold

Kunnskapsministeren legg seg flat etter møte-glipp

Kunnskapsministeren seier departementet hans har glippa og vil no likevel ha møte om Sogn jord- og hagebruksskule.

Torbjørn Røe Isaksen

VIL HA MØTE OM SKULEN: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Høgre seier han sjølvsagt vil ha møte om Sogn jord- og hagebruksskule.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Tidlegare i dag kom det fram at departementet har avslått både å støtte skulen med pengar og å møte ordføraren om saka. Men det var ein glipp, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Høgre.

– Eg blei gjort merksam om saka av Bjørn Lødemel som sit på Stortinget for Høgre i Sogn og Fjordane. At vi ikkje skal ha møte, er ein rein glipp frå vår side. Vi skal sjølvsagt møte ordførar og andre som er interesserte for å diskutere saka, seier han.

Får legge fram saka si

I avslagsbrevet stod det at «politisk leiing i kunnskapsdepartementet har på denne bakgrunn ikkje høve til eit møte om denne saka». Isaksen veit ikkje korleis denne glippen har skjedd.

– Nei, det veit eg ikkje, men vi får ta på vår kappe at vi har gjort ein glipp. Eg har ringt ordføraren og sagt vi vil møte han, for dette skal ordne opp i. Det er sjølvsagt ikkje eit løfte om gjennomslag for synspunkta, men ein invitasjon til at dei får legge fram saka si.

Må rustast opp for millionar

Sogn jord- og hagebruksskule

TRENG OPPRUSTING: Skulen må moderniserast for opp mot 80 millionar kroner.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den økologiske skulen må rustast opp for mellom 50 og 80 millionar kroner, og går ei usikker framtid i møte. Difor bad Aurland kommune og fylkeskommunen tidlegare i år om å få møte den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet for å drøfte framtida til Sogn jord- og hagebruksskule.

– Kor stor eg moglegheita for at staten kan støtte skulen med pengar?

– Det veit eg ikkje. Det får vi sjå på etter at vi har hatt møtet og fått sett på saka, seier kunnskapsministeren.

Trur dei har ei god sak

Noralv Distad

LETTA: Ordførar Noralv Distad (H) ser fram til å leggje fram saka for statsråden.

Foto: pressefoto

Ordførar og partikollega Noralv Distad i Aurland var først skuffa over avslaget om møte. No er han glad for dagens telefon frå statsråden.

– Eg ser fram til å møte han og håper det skjer i nær framtid, seier Distad.

– Kor store von har de til at staten kan støtte skulen med pengar?

– Eg føler vi har ei veldig god sak. Sogn jord- og hagebruksskule er landslinje innan økologisk landbruk. Den er også eit kompetansesenter knytt til økologisk landbruk. Tilbodet er unikt og det er vår jobb å presentere dette inn mot myndigheitene.

Det blir truleg møte mellom Aurland og kunnskapsministeren i løpet av nokre veker.