Hopp til innhold

Får kritikk for biletbruk – redaktøren legg seg langflat

– Nei, det var ikkje noko heldig bilete, vedgår redaktør Helle Andresen om måten friluftsmagasinet Fjell og Vidde nytta som illustrasjon til deira store breguide.

Fjell og Vidde sin isbre guide

IKKJE BRA: Den Norske Turistforening har fått mykje kritikk for dette biletbruket i medlemsbladet Fjell og Vidde. Bladet er landets største friluftsmagasin med eit opplag på 160.000 og kring 338.000 lesarar.

Foto: Fjell og Vidde

Det var i juniutgåva av medlemsbladet Fjell og Vidde at Den Norske Turistforening presenterer ein ni sider stor guide til sikre breturar.

Men biletet som vart nytta som illustrasjon, presenterte langt frå noko sikkert brebesøk.

– Biletet gjev inntrykk av at det er trygt å opphalde seg i nærleiken av, eller under store isblokker som ligg i bratt terreng – det er det absolutt ikkje, seier professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje, til Bergens Tidende.

Isblokker i framkant is

For biletet frå foten av Bondhusbreen gir rett nok eit idyllisk inntrykk av ein rå vestlandsnatur med fjordar, høge fjell og isbre. Det som får folk til å reagere, er personen som står heilt oppunder brekanten. Nesje tykkjer signaleffekten av biletet er ille.

Framfor han ligg mindre isblokker som har rasa ned frå breen.

– Bondhusbreen er ein av brearmane til Folgefonna der isen røyrer seg kjappast og er mest uberekneleg. Vi held oss unna breen her sidan området er for risikabelt for organiserte breturar, seier Åsmund Bakke, leiaren for Folgefonna breførarlag, til avisa.

DNT tek sjølvkritikk

Helle Andresen

REDAKTØR: Helle Andresen er redaktør for landets største friluftsmagasin, Fjell og Vidde.

Foto: DNT

Redaktør Helle Andresen, som også er forfattaren bak guiden, vedgår at dei kunne og burde brukt eit anna bilete. Ho vedgår også at dei har fått reaksjonar på biletbruken.

Etter den tragiske dødsulukka ved Nigardsbreen i Luster førre helg , har det den siste tida vore fokusert svært mykje på bre og tryggleik.

– Vi ser i ettertid at biletet ikkje var eigna til å illustrerer ein artikkel om å gå på bre, seier ho til NRK.no.

– Kvifor brukte de biletet?

– Vi lét oss truleg begeistre av det vakre biletet som vi ynskte å bruke som illustrasjonsbilete, men det var ikkje eit bilete vi kjem til å bruke att.