Styret i høgskulen bestemte tidlegare i år at det ikkje skulle vere oppstart av studiet denne hausten grunna låge søkjartal. Ringstad meiner det vil vere ei fallitterklæring om studiet vert fjerna for alltid. Både denne utdanninga, og ingeniørutdanninga som har vore diskutert tidlegare, er viktige bitar i det Ringstad kallar realfagpilaren. Ho fryktar at viss ein plukkar bit for bit der, misser ein heile pilaren.
Endeleg avgjerd i september
Når Høgskulen i Sogn og Fjordane i dag opna studieåret 2005 er det med fleire studentar enn på mange år. Men på akvakulturstudiet finn du ikkje ein einaste ein. Styret i høgskulen bestemte tidlegare i år at det ikkje skulle vere oppstart av studiet denne hausten grunna låge søkjartal. I september skal det takast endeleg avgjerd om studiet skal forbli dødt i framtida eller om det blir oppstart igjen neste haust.
Avtroppande stortingsrepresentant for Senterpartiet Jorunn Ringstad ber styret i Høgskulen tenke seg godt om før dei eventuelt legg ned.
Fryktar for linja i Måløy
Også Reidar Sandal frå Arbeidarpartiet meiner høgskulen i Sogn og Fjordane er tent med å ha eit breitt tilbod. Difor var han ganske klar i si oppmoding til styret i dag: oppretthald akvakulturstudiet. Sandal trur i yttarste konsekvens at ei nedlegging av akvakulturstudiet i Sogndal, betyr slutten på den maritime linja ved Måløy vidaregåande skule.
Rektor Johs Thaule
Dyrt
Men trass politisk press, direktør ved høgskulen Hans Jørgen Binningsbø, er klar på at dette studiet kostar meir enn det smakar. Det er dyrt å drive, og det er eit avgrensa rekrutteringspotensiale, seier han.
Også rektor ved høgskulen Johs Thaule er samkøyrd med Binningsbø. Studiet er dyrt, og skal det halde fram må andre interessentar vere med på spleiselaget, seier han.