NRK Meny
Normal

Legg oss oftast under kniven

Innbyggarane i Sogn og Fjordane lar seg operere langt oftare enn andre stadar i landet.

Operasjonssal

I forhold til folketalet nyttar vi ortopedisk kirurgi langt meir enn landssnittet og langt meir enn dei andre fortetaka i Helse Vest.

Foto: Illustrasjonsfoto: Scanpix

I høve folketalet nyttar vi ortopedisk kirurgi langt meir enn landssnittet og langt meir enn dei andre føretaka i Helse Vest.

- Det er ikkje grunn til å tru at ortopediske problem i Sogn og Fjordane skil seg i negativ grad i høve resten av landet. Det må nok vere andre forklaringar som går på terskel for å bli opererert og kor mykje kapasitet vi har, og så vidare, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik.

Må ned på landsnivå

Helse Førde vil no finne ut kvifor folk i Sogn og Fjordane opererer kne, hofter og skuldrer meir enn nokon andre. Breidablik seier han ikkje ser noko grunn til at folket her i fylket treng meir ortopedisk behandling enn andre stadar, og meiner tala bør ned mot landssnittet.

- Vi har fått nasjonale retningslinjer om korleis pasientar skal prioriterast og det å få til ein felles bruk av dette. Profesjonalisering trur eg er avgjerande, får det er den beste normen å ligge på landsnivå, seier han.

Klager dobbelt så mykje

Tala vart presentert for styret før helga, samstundes som pasientombod Ove Mjåtveit viste til at klagesakene etter ortopediinngrep her i fylket også ligg godt over landssnittet.

- Innbyggarane i Sogn og Fjordane melder dobbelt så mykje i frå om feil eller pasientskader i ortopedien, enn i andre fylke, seier han.

Klagesakene er jamt fordelt mellom alle sjukehusa.

- Det spørs om det ikkje er summen av at ein driv for mykje med ortopedi i fylket som ligg bak at vi får litt for mange skader knytt til ortopedi, trur Breidablik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser