Hopp til innhold

Kuttar mykje av forsyningsaktiviteten i Florø frå sommaren 2015

Statoil vil leggje ned mykje av forsyningsaktiviteten frå oljebasen i Florø frå sommaren 2015. Men inntil då vil det ikkje skje endringar på basen i kystbyen.

Røyrlager på fjordbase i Florø

MEIR RØYR: Statoil vil satse på meir røyrhandtering på Fjordbase. Men mykje av forsyningsaktiviteten forsvinn frå 2015.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fjordbase i Florø skal få behalde all forsyning til Snorre og Visund, men vil miste all annan forsyningsaktivitet. Det stadfestar no direktør for logistikk og beredskap på norsk sokkel, Gunnar Breivik.

– Vi har lagt ein langsiktig strategi som inneber at vi får ein meir kostnadseffektiv forsyning ut til våre installasjonar. Det betyr at vi får samla all forsyning til Mongstad og Dusavik-basane våre for forsyning, som då blir dei to hovudbasane våre. I tillegg til at vi sjølvagt held fram med forsyning frå Florø til Snorre og Visund, seier Breivik til NRK.no.

Må verifisere kutt-tala

Først sommaren 2015 vil Florø-miljøet merke endringane, dersom Statoil får gjennom sitt forslag om ei total omlegging av forsyningssystemet ut til alle installasjonane dei driv i Nordsjøen.

Politikarar og næringsliv i Sogn og Fjordane har slett ikkje vore nøgde med signala frå Statoil om å kutte mykje av aktiviteten på Fjordbase, og har mellom anna hevda at så mykje som 250 arbeidsplassar vil bli råka.

– Det er ulike tal som verserer. Vi er kjende med ein rapport som seier at det er 250 personar som blir omfatta. Det er jo under føresetnad av at vi fjernar all forsyning frå Florø. Det er jo ikkje tilfelle, Snorre og Visund vil jo halde fram. Dette er jo tal som må verifiserast i ettertid, seier Breivik.

VIl kompensere for tap

Han peikar på at dei også vil auke deler av aktiviteten i Florø, ikkje minst gjennom såkalla rørhandtering, der ein vil auka både kapasiteten og aktiviteten. Også innan subsea-feltet vil det bli ein vekst, meiner Statoil.

– Vi reknar med tre kategoriar; Statoil-tilsette, tilsette i baseselskap og levrandørar. Men det er jo slik at leverandørar er jo utsett for konkurranse og tapar og vinn kontraktar innimellom. Så dei må jo handtere det på ein god måte. Vi er i dialog med baseselskapet om å finne aktivitetar som vi meiner kan kompensere for det som skjer i samband med den flyttinga vi no set i gong, sler Breivik i Statoil fast.

Trur fylket vil vinne nye marknader

Han vel å tru at trass kraftige kutt i forsyningsaktiviteten, så vil den olje- og gassrelaterte industrien i Sogn og Fjordane vinne nye marknader på sikt - også langt utanfor dei felta som ligg rett utanfor kysten vår.

– Over tid ser vi føre oss at vi saman med industrien og leverandørar i Sogn og Fjordane skal få ei utvikling i heile fylket, slik at dei kan vere med og konkurrere på heile sokkelen.

– Kva skjer med dei Statoil-tilsette i Florø?

– Vi treng fleire folk i Florø i samband med rørhandtering, så vi trur det vil kunne ta mykje av det som blir omfatta av flyttinga, seier Breivik.