Hopp til innhold

Legg ned siste rest av forsvaret i fylket

Forsvaret vil no kvitte seg med den siste aktive militærleiren i Sogn og Fjordane. Dermed kan nær 400 år lang militærhistorie vere slutt her i fylket.

Firda kaserne

PROTESTERER: Ordføraren i Eid er ikkje fornøgd med planane om å legge ned Firda kaserne.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Firda kaserne, som ligg i Mogrenda i Eid kommune, skal selgjast og leggjast ned som forsvarsanlegg. Det har generalinspektøren for Heimevernet bestemt, trass sterke protestar frå lokale HV-sjefar.

– Mi innstilling har vore at det ikkje er rett å fjerne fotavtrykket til forsvaret i Sogn og Fjordane. Dette er ein gamal ekserserplass som har vore med sidan opprettinga av hæren i 1628. Eg synes dette gjev uheldige signal til fylket, seier distriktssjef for HV11, Per Olav Vaagland.

Men Vaagland har ikkje noko anna val enn å følgje ordren han har fått om å setje i verk tiltak for å få militærområdet i Mogrenda ut til private. Men han innrømmer at det no blir enda vanskelegare å få trent HV-mannskap tilstrekkeleg.

Ttidlegare hadde ein Sogn og Fjordane som eige distrikt under HV10, og fleire stader som var tilrettelagt for øvingar. Mellom anna Nesje fort i Hyllestad.

– Vi har aktivitet på Firda kaserne om lag20 til 25 dagar i året. I verste fall vil ei nedlegging gå ut over kvaliteten på mannskapet. Det blir tyngre for oss å leggje til rette for god aktivitet, seier Vaagland i HV.

I tillegg til Forsvaret sin aktivitet, brukar politiet Firda kaserne mykje til øvingar og andre samlingar.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), tykkjer planane om å selgje ut bygningsmasse og areal på Firda kaserne er ein dårleg idé.

– Eg meiner dette er ei dramatisk avgjerd, ikkje berre for Eid, men for heile fylket. Firda kaserne er det siste attverande, aktive forsvarsanlegget i Sogn og Fjordane. Det har vore aukande aktivitet der dei siste åra, og vi er avhengig av å ha eit aktivt forsvar over heile landet. meiner Bjørlo.

Han har drøfta denne saka med fylkesordføraren og ifølgje Bjørlo er ho samd i at dette er ei sak som også fylket må engasjere seg i.

– Det er naturleg at dette også blir teke opp med stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane.