NRK Meny
Normal

Legg ned påstand om seks års fengsel

FØRDE (NRK): Aktor legg ned påstand om seks års fengselsstraff for den tidlegare hotelldirektøren ved Selje Hotel.

Selje hotel i brann

FLAMMEHAV: Tidsinnstilte loddeboltar vart nytta til å tenne på hotellet, slik at direktøren ville vera tilbake i Sverige då brannen starta. Men hotellet brann ikkje ned til grunnen som han håpa og politiet fekk sikra seg fleire bevis.

Foto: Alvin Honningsvåg

Den tidlegare styreleiaren bør straffast med fengsel i seks og eit halvt år og den tidlegare kjøkkensjefen bør sitje seks år bak lås og slå, meiner aktor.

– Grunnen til at dagleg leiar får ein påstand om seks år er at han har krav på strafferabatt, sidan han har vedteke å ha sett fyr på hotellet, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Hotelldirektøren har innrømma at han køyrde ein tur frå Stockholm for å sette fyr på hotellet, medan dei to andre brørne nektar straffskuld.

Rettssaka mot dei tre brørne som står tiltalt for å ha tent på Selje Hotel 25. november i fjor har gått i Sogn og Fjordane tingrett dei siste vekene. I dag har aktor lagt fram sin prosedyre og påstand om straff.

Ingen av forsvararane vil kommentere straffepåstanden.

Tappa for millionar

Brørne er tiltalt for både å ha brent ned hotellet og for å ha tappa firmaet for millionar, samt forsøk på forsikringssvindel.

Aktor har lagt ned påstand om at styreleiaren, som politiet meiner er «Mr. X», skal få den lengste straffa.

– Det er fordi han har vore med på å tappa selskapet for fleire millionar og han har ikkje erkjent at han har gjort det, seier Nyborg.

Hotellet hadde stor gjeld og var forsikra for nær 100 millionar kroner.

Les også: Politiet: Direktøren ville brenne ned heile hotellet for å skjule spor

Tiltalte i Selje Hotel-saka

PÅ TILTALEBENKEN: Dei tre svenske brørne, som opphavleg er tyrkiske, har sete på tiltalebenken denne veka.

Foto: Anders Furevik / NRK
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast