Hopp til innhold

Legg ned nyoppretta avdeling

Helse Førde vil leggje ned den nyoppretta familieeininga ved Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim på Tronvik.

Tronvik på Kyrkjebø

NEDLEGGING: Helse Førde vil legge ned nyoppretta avdeling på Tronvik.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Administrasjonen i Helse Førde går no inn for å legge ned familieeininga på Tronvik.

Tilbodet skal etter planen gje eit utvida tilbod om rusbehandling, der pasienten kan vere innlagd på sjukehuset saman med familien.

LES OGSÅ: Tronvik må vente tre nye månader

– Frustrasjon og sinne

– Det var berre frustrasjon, tristheit og sinne. Eg synest denne nedlegginga er veldig uheldig, seier føretakstillitsvald og fyrste vara til styret i Helse Førde, Elin Lysne.

Ho vil no ta saka opp for styret i Helse Førde. Men det er enno ikkje anklart om nedleggingsforslaget vert ei styresak.

– For det første gjer det noko med måten Helse Førde blir oppfatta utanfrå. Vi går breitt ut og søkjer etter folk med høg kompetanse, vi skaper engasjement og vi greier å få tak i dei rette folka, og så får det ikkje livets rett i det heile, seier ho.

Nyoppussa husvære står klart

Avdelinga var klar til å ta imot sin første familie med trong for hjelp.

To nyoppussa og fullt møblert husvære står klart. No blir det mest truleg nedlegging før dei i det heile har fått kome i gang.

– Bakgrunnen for nedlegginga er at Psykiatrisk klinikk må spare pengar med sikte på 2013-budsjettet, i tillegg er det fleire overlegar som sluttar i nær framtid, slik at det må gjerast omrokeringar, seier avdelingssjef Svein Ove Alisøy ved psykiatrisk klinikk.

– Stått tomt sidan juli månad

– Grunngjevinga vår er at vi etter nyttår ikkje har nok overlegar til å drive dette tilbodet. Tilbodet på Tronvik har stått tomt sidan juli månad, og vi har ikkje fått nye tilvisingar. Frå avdelinga vart opna i august 2010 har vi ikkje hatt innlagt familiar frå området til Helse Førde, seier Alisøy.

– Kjennest håplaust

Lysne forstår at leiinga for Psykiatrisk klinikk slit med å få endane til å møtast og at dei ein stad må gjere innsparingar.

– Men det kjennest så håplaust fordi det innan psykisk helsevern alltid er personell det går utover. Vi har ikkje noko medisinsk utstyr som ein kan spare pengar på, seier ho.

Det vart eit kjensleladd allmøte på Tronvik tysdag.

– I tillegg var denne avdlinga noko Helse Vest ville satse på fordi det ikkje var eit slikt tilbod i regionen frå før, og når det no blir lagt ned før det er kome i gang så er det berre trist, seier Lysne.