Legg ned mottak på Vassenden
Utlendingsdirektoratet har bestemt at asylmottaket på Vassenden skal leggjast ned, skriv Firda. Mottaket som har 130 faste plassar og 20 tilleggsplassar, har vore i drift sidan mars 2010. Alle dei ni tilsette mister jobben som følgje av nedlegginga.