Hopp til innhold

Vedtok å leggje ned legekontoret

Kommunestyret i Selje har vedteke å leggje ned legekontoret på Stadlandet. Dermed blir alle legetenestene i kommunen samla på eit kontor.

Leikanger på Stadlandet

UTAN LEGE: Innbyggjarane på Stadlandet, som her i Leikanger, må no reise til Selje for å gå til legen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det får jo den konsekvensen at det då blir eitt legekontor i kommunen i framtida. Men i tillegg til at ein la ned legekontoret, så skal det no setjast i gang eit arbeid for å gje sjukepleietenester for eldre og kronikarar ute på Stadlandet, seier Selje-ordførar Ottar Nygård til NRK.

Det vekte stor merksemd då lokalavisa Fjordenes Tidende trykte ei «dødsannonse» for legekontoret på Stad. No blir kontoret lagt ned.

Sjølv om folk reagerer sterkt, vonar ordførar Nygård at ting vil gå seg til, utan fast legekontor på Stadlandet. Han legg vekt på at særleg eldre og kronisk sjuke ikkje skal bli råka av nedlegginga.

Ottar Nygård

STØTTA NEDLEGGING: Ordførar Ottar Nygård.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det var veldig greitt at vi fekk til eit framlegg der vi likevel kan ta omsyn til eldre og kronikarar. Administrasjonen har fått i oppdrag å arbeide med dette, og leggje det fram att for kommunestyret, seier Nygård.

Legekontoret har alt vore stengd i fleire månader, og vedtaket i kommunestyret gjer at det no ikkje blir gjenoppretta nokon eigen legeteneste for innbyggjarane på Stadlandet.