Etter 54 år stengjer også denne fotobutikken dørene

FLORØ (NRK): – Det er nye tider og vanskeleg å drive fotobutikk på ein liten plass som Florø, seier butikkeigar Egil Aardal.

TOK OVER: Egil Aardal har jobba i butikken i 26 år. Han tok over etter faren

TOK OVER: Egil Aardal har jobba i butikken i 26 år. Han tok over etter faren. – Eg vart fødd inn i ein fotobutikk og familiebedrift. Det er jo ein del av deg heile tida, og eg veit ikkje om noko anna nesten så det er klart det blir rart å avslutte, seier han.

Laurdag låste han dørene til Aardals foto for godt. Etter 54 år er det slutt for fotobutikken.

– Det er litt rart å avslutte. Det er litt vemodig, seier butikkeigaren dei siste 26 åra, Egil Aardal.

– Ting har endra seg

TRIST: Erna Kjerpeseth tykkjer det er trist at butikken vert lagt ned.

TRIST: Erna Kjerpeseth tykkjer det er trist at butikken vert lagt ned. – Eg har brukt dei jamt, så eg kjem i alle fall til å sakne dei, seier dei.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Aukande netthandel gir nye og knallharde tider for nisjebutikkar som den i kystbyen. I 2017 selde Nettbutikkane i Noreg for over 21 milliardar kroner. I fjor auka den med ytterlegare 4,6 prosent.

Samstundes er interessa for tradisjonelle kamera dalande.

– Omsetnaden er for liten. Rett og slett. Ting har endra seg. Kamera sel ikkje lenger. Folk tek bilete med mobilen. Då er det ikkje lenger behov for ein fotobutikk, seier Aardal.

Ein av to legg ned

Bror William Stende

TREND: – Heile kjøpsmønsteret er endra. Verda er blitt ein konkurransemarknad, så det er beintøft å drive butikk, seier Bror William Stende i Virke.

Foto: Virke

Erfaringane til butikkeigaren i Florø høyrest kjende ut for Bror William Stende, direktør for faghandel i Virke. Kjøpemønsteret har endra seg.

Frå 2008 til 2016 vart det lagt ned 4.513 butikkar i Noreg. Det utgjorde 9,4 prosent av alle butikkar. I same periode stengde ein av to fotobutikkar dørene.

Til samanlikning vart det registrert 1.225 nye butikkar.

– Videoutleige, musikk og foto er kanskje bransjane som blir straffa hardast av digitaliseringa, seier Stende.

Store får omsetnaden

– Mobilkamera tek bra bilete, ein lagrar bileta digitalt og kravet til bileta er senka. Det er tøft å drive fotobutikk. Til dømes såg ein Japan Foto overalt for 20 år sidan. No ser ein knapt ein butikk, seier Stende.

Samstundes går 67 prosent av fotokjedene med overskot. Omsetnaden samlar seg hos dei store aktørane, medan dei små blør.

– Nokre små, som har veldig god service, klarer å stå på eiga hand. Men små, med mindre utval og kompetanse, får problem, seier direktøren.

Global konkurranse

Fagsjef for handel i NHO Service og Handel, Leif Bache-Mathiesen, seier netthandelen er ein vesentleg faktor. På internett kan ein kjøpe kva som helst, frå kvar som helst – og gjerne rimelegare enn i butikken.

Leif Bache-Mathiesen

KVALITET: – Kjerneproduktet er ikkje lenger viktigast for å klare seg. Skulle eg starta fotobutikk i dag, ville eg hatt fotoklubb, kurs, tilbod på nett og abonnementsløysingar, seier Leif Bache-Mathiesen i NHO Service og Handel.

Foto: NHO Service og Handel

– Det er ikkje mange år sidan butikkane gjekk frå å konkurrere lokalt, til å konkurrere globalt, seier fagsjefen.

– Før kunne nisjebutikkane halde på kunden fordi det ikkje var alternativ. No er service i verdsklasse viktigare enn nokon gong. Ein må synleggjere det kunden får i tillegg til kjerneproduktet, slik at kunden vel å betale meir for å få dei gode råda og gode servicen, legg han til.

Held fram med foto

I Florø har ikkje Aardal tenkt å gå heilt ut av bransjen.

– Eg satsar på å drive som fotograf og med innrammingsarbeid, seier han.

– Tykkjer mange det er dumt at du stengjer butikken?

– Vi har hatt veldig tilstrøyming no når vi har bestemt oss for å legge ned, men det blir for lite handel i kvardagen. Vi har veldig mange faste florøværingar som er innom fleire gonger i veka. Mange er nok litt lei seg og sjokkert, men sånn blir det.