Årsaka til avgjerda er sviktande økonomi og manglande sal. No blir produksjonen flytta til USA og nærare den einaste kunden, Chrysler.
– Det er sjølvsagt ein veldig trist dag, både for dei tilsette og lokalsamfunnet. Fleire av dei tilsette opplever å miste jobben innan felgproduksjon for andre eller tredje gong, seier ordførar Petter Sortland (Ap).
Både fabrikksjef Pierre Ansay og ordføraren var til stades då dei tilsette i føremiddag fekk beskjeden om nedlegginga.
– Det me kan seie er at me har stolt på dette prosjektet, men me har mista 50 millionar kroner i året. Førespurnaden i marknaden har vore vanskeleg, og ei investering måtte til for å fortsette drifta. Det blei ein for stor risk for bankane, fortel ein tydeleg prega Pierre Ansay til pressa til stades.
Produksjonen i Høyanger stoppar frå nyttår, og den attverande produksjonen blir flytta til USA.
Vanskeleg marknad
Felgprodusenten har dei siste åra seld varene sine til bilprodusenten Chrysler. Årleg produserer verksemda med 34 tilsette kring 35.000 felgar til den amerikanske marknaden.
I august sa assisterande fabrikksjef John Inge Skrede at det var vanskeleg for fabrikken, og at dei då frykta ekstra toll på varene som dei eksporterer til USA.
Det er ikkje første gong at felgproduksjonen blir lagt ned i Høyanger. I mange år var det Fundo som dreiv felgfabrikken, men i 2009 gjekk dei konkurs og 300 personar mista jobben. Etter kvart kjøpte Saint Jean Wheels konkursbuet og det blei spytta inn store summar.
Verksemda har hatt negativt årsresultat sidan 2010, og gjekk 79 millionar kroner i minus i 2017.
Skal ta vare på tilsette
Ordførar Petter Sortland (Ap) seier det er etablert kontakt mellom Saint Jean Wheels og NAV Høyanger som er klare over situasjonen.
– Det vil bli eit møte med tilsette og NAV, samt at NAV vil vere til disposisjon for dei som treng hjelp. Det er rett å sei at resten av lokalt næringsliv gjer det bra for tida. Mitt håp er at storparten av dei 34 vil få seg nytt arbeid. Me skal bruke våre kontaktar å gjere vårt beste for å hjelpe alle i denne situasjonen.
LEGG NED: Frå nyttår er det ikkje lenger felgproduksjon i Høyanger.
Foto: Stein Jarle Aaas / NRKVegen vidare
– Eg vart veldig optimistisk når dei i 2009 sa at me skulle få ny felgproduksjon i Høyanger. Men det har gått fleire år i ein krevjande global marknad for ein aktør i global bilindustri. Når det ikkje har vore mogleg å få det til, trur eg det er slutten på 46 år med felgproduksjon i Høyanger, seier Sortland.
No byrjar arbeidet med å finne ut kva som skal skje med dei 22 000 kvadratmeterane med industribygg.
– Me må ta tak i bygninga etter kvart å marknadsføre den til ny aktivitet. Det blir ei tøff oppgåve, fortel ordføraren.