Hopp til innhold

Legg ned butikkar

Viken-butikkane Røst og Småting i Trondheim blir begge lagde ned, melder Adresseavisen. Viken-konsernet med utspring i Skei i Jølster har då igjen ein butikk i Trondheim. Dagleg leiar for butikk-konseptet, Odd Gurvin, seier til avisa at dei ikkje har greidd å få lønnsemd i dei to butikkane.