Hopp til innhold

Legg ikkje ned skular

Kommunestyret i Vågsøy vedtok måndag ettermiddag å ikkje innføre eigedomsskatt, og å bevare skulestrukturen slik han er i dag.

Kommunestyremøte i Vågsøy
Foto: MMS- Harald Kolseth / NRK

Kommunen har eit førebels underskot etter Tall Ships Races på 13 millionar kroner. Kommunestyret vedtok med 19 mot 8 røyster at administrasjonen skal finne frie midlar i budsjettet til å dekke inn underskotet.

Kommunen skal dekke inn ni millionar i 2009 og fire millionar i 2010.

Ordførar Roger B. Silden har tidlegare føreslege å legge ned to skular som del av ein større innsparingspakke. Men det gjekk altså kommunestyret ikkje inn for.