Hopp til innhold

Legg fram rapport om Vest Tank

Måndag føremiddag legg Miljøvernforbundet fram sin gjennomgong av eksplosjonsulukka ved Vest Tank i Gulen.

Forbundet vil mellom anna gå gjennom det dei meiner er sviktande rutinar frå Vest Tank.

I fylgje leiar Kurt Oddekalv kjem dei òg til å komme med krass kritikk mot Statens Forureiningstilsyn si handtering av ulukka.

Vest Tank
Foto: Kåre Næss