NRK Meny

Legg bak seg tidenes beste påske

Sogn skisenter går mot rekordsesong og rekordpåske. Aldri før har dei hatt meir besøk enn i år.

Runar Tørvi og Vegar Kversøy

KAN SMILE: Driftsleiar Runar Tørvi og kafevert Vegar Kversøy har grunn til å smile. Sogn skisenter går mot rekordsesong.

Foto: Øystein Veum
Oddleif Løseth
Journalist

Artikkelen er flere år gammel.

Skisenteret har kvar dag i påska hatt mellom 500 og 600 teljande gjester. Legg ein til mengda med gjester i barnetrekket og i langrennsløypene, meiner styreleiar Øystein Veum ein kan doble dette talet.

– Det har vore eventyrleg. I tillegg har påskeaftan vore ein av dei mest besøkte i historia, jublar han.

Påskerenn i 130

Skisenteret har allereie køyrt inn 200.000 kroner meir enn heile fjoråret. Og framleis er ikkje sesongen over. Rekordomsetnaden har å gjere med ein god og stabil vintersesongen, eit NM i Telemark i vinterferien, Heggmyri Rett Ned i palmehelga og påskerenn påskeaftan med 130 på startstreken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Påskerenn i Sogn skisenter

START: Rollene gjekk på omgang slik at både startarar, tidtakarar og dugnadsfolk fekk stille på startstreken under påskerennet.

Foto: Øystein Veum

Det er dobbelt så mange som i fjor.

– Det viser seg at gjester frå Bergenskanten kjem att år etter år, og tek med seg venner og familie. «Munn til munn»-metoden der folk er nøgde i eit anlegg, gir oss fleire gjester. Vêr og føre er med oss og vi får gode tilbakemeldingar på løyper og bakkar, seier driftsleiar Runar Tørvi.

– Vi har satsa rett

Tidlegare år har busslast med studentar frå Austlandet teke turen til skianlegget i Sogn for å boltre seg i laussnøen. Det har det vore lite av i år.

– Når vi ikkje har denne biten i år, og likevel klarer å setje rekord, så viser det at vi har satsa rett. Barneheisane våre er gratis, og har vore godt besøkt kvar helg. Dei som køyrer her utviklar seg, og må over i betalt heis ein dag dei også, seier Veum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barnestart på Sogn skisenter

BARNESTART: Mange smilande fjes å sjå blant dei startande i påskeskirennet. Her er det borna som står klar til å sette utfor.

Foto: Øystein Veum

Ingen nedbør

Styreleiaren legg til at dei i år opplever folk som blir i området over fleire dagar. Mykje av den økonomiske oppturen skuldast at desse også leiger ski over heile perioden.

Heggmyrane har gått mellom 40 og 50 dagar utan nedbør. Med kalde netter er det eit godt utgangspunkt. Aberet er at bakkane ikkje får påfyll med snø.

– Vi ser at det slit litt på snøen, men vi gjer det beste ut av det og så langt er det ingen problem. Vi kan glatt halde det gåande i to veker til, avsluttar Veum.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar