Hopp til innhold

Meiner botnen må vere nådd – håpar klubben får heim proffar frå utlandet

FØRDE – KRISTIANSUND 2–3 (NRK.no): Det er årevis sidan Førde var så svake. Klubben har allereie starta jobben med å forsterke laget framfor neste år.

Marcin Lubiejewski

NEDTUR: Spelande trenar Marcin Lubiejewski måtte ut med skade, og då fekk Førde trøbbel mot Kristiansund.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi sonderer moglegheitene for å få heim spelarar frå utlandet. Proffane tek jo eitt år om gongen, og eg håpar vi er øvst på blokka om dei har tenkt seg heim, seier Sindre Roska.

Han er leiar i Førde volleyballklubb, og såg søndag laget gå på eit bittert 2-3-tap i Førdehuset. Kampen var av det jamne slaget, men då Kristiansund sette inn matchballen sette dei samstundes solide kjeppar i hjula for Førde med tanke på ein plass i sluttspelet.

Vil ha heim proffar saman med eigenrekrutterte

Med berre få kampar igjen å spele, skal det no veldig mykje til om sunnfjordingane får vere med og kjempe om medaljar i eliteserien. Sjølv om Førde har langt lettare motstand igjen i innspurten.

Med ein femteplass på tabellen er det årevis sidan Førde har vore så langt nede. Og klubben er allereie i gang med å sjå framover mot neste sesong.

På blokka står utanlandsproffane Lars Fredrik Tvinde, Jonas Kvalen og Mathias Loftesnes – alle med bakgrunn i nettopp Førde.

– Ingenting er førebels bestemt, og det vil vere ein bonus om vi får henta dei. Samstundes gror det bra i våre eigne rekker også. Det er ein bra generasjon på gang, seier Roska.

Jan Egil Tvinde jublar med Ivar Sommer Os og Tarjei Ødegaard

UNGE OG GAMMALT: Rutinerte Jan Egil Tvinde (midten) var blant dei beste poengplukkarane på Førde. Han kunne også sjå unggutane Ivar Sommer Os (t.v.) og Tarjei Ødegaard hevde seg – men tapte til slutt mot Kristiansund.

Foto: Rune Fossum / NRK

Skal gjere alt for å komme til sluttspelet

Leiaren understrekar at Førde visste at denne sesongen ville bli tøff, men at målet likevel var ein plass blant dei fire beste og sluttspel.

– Vi håpar vi nede i botnen av bølgedalen no. Dette er ikkje noko vi har styrt mot, men vi visst det kunne komme. Alternativet var å leite etter krefter utanlands, men det fører ikkje klubben noko vidare, seier Roska.

Framfor eit rekordlågt tilskodartal opna Førde med å ta heim det første settet mot Kristiansund. Men då spelande trenar Marcin Lubiejewski måtte ut med ein skade i hofta i starten av det andre settet, fall heimelaget saman og tapte dei to neste setta.

Heimedebutanten Tarjei Ødegaard fekk ein pangstart i det fjerde settet, og var tunga på vektskåla då Førde tok heim dette. Eit jamt sistesett enda likevel med bortesiger.

– Planen var å ta tre poeng. Men med tap her, blir det tøft no. Sjølv om vi skal gjere alt for å ta nok poeng til å komme til sluttspelet, seier Lubiejewski.