Hopp til innhold

Legevaktslege handla uforsvarleg

Foreldra var uroa for det vesle barnet sitt, men vaktlegen meinte det ikkje var nødvendig å ta med barnet til legevakta for ei undersøking med det same. – Medisinsk uforsvarleg, konkluderer fylkeslegen.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

UFORSVARLEG: Fylkeslege Per Stensland har konkludert med at legevaktslegen handla medisinsk uforsvarleg då han ikkje kalla spedbarnet inn til ei undersøking.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Etter at foreldra klaga på legen si handsaming av saka har fylkeslegen vurdert saka. Konklusjonen er klar.

– Vi har reagert med å konkludere at legen har handla medisinsk uforsvarleg. Dette er ei reaksjonsform ovanfor legen der vi gjer det klart at dette ikkje er akseptabelt legearbeid, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland til NRK.no.

Fekk beskjed om å sjå det an

Spedbarnet skal ha hatt både luftvegssymptom og feber, men også pustevanskar. Ifølgje Stensland er dette eit alvorleg symptombilete hos eit så lite barn.

Foreldra tok kontakt med legevakta på telefon og opplyste at barnet var slapt, pusta rart, hosta og at det surkla når det pusta.

Fylkeslegen skriv vidare dette om kva som skjedde:

«Vaktlegen fortalde mor at barnet sannsynlegvis heiv etter pusten og ikkje amma fordi barnet var tett i nasen. Legen rådde mor til å skylje nesa med saltvatn og gi paracet.

Mor blei bedt om å sjå situasjonen an, og ta kontakt dersom tilstanden ikkje betra seg. Mor blei ikkje bedt om å ta med barnet til legevakt for undersøking.»

Hadde lungebetennelse

Foreldra fekk altså beskjed om å sjå det an, kom barnet likevel inn til legevakt og vart då lagt inn på sjukehus. Barnet hadde lungebetennelse.

Pustevanskar er eit varselsymptom som krev undersøking for å konkludere at dette ikkje har alvorleg årsak. Vi finn det lite tilfredsstillande at legen konkluderte med at barnet ikkje trengte undersøking straks. Legen har handla medisinsk uforsvarleg.

Meiner fleire må lære av hendinga

Fylkeslege Per Stensland seier både den aktuelle legen, og andre legar, må lære av denne alvorlege hendinga.

– Dette er ei alvorleg feilvurdering som legen må lære av, og innrette praksisen sin på ein annan måte i framtida.

– Samtidig er dette ei sak som også andre legar kan lære av, seier han til NRK.no.

– Vanskeleg å vurdere spedbarn

Stensland seier spedbarn er vanskelege å vurdere.

– Vi synest det er grunn til å løfte fram dette og gjere det heilt klart at spedbarn er veldig vanskelege å vurdere. Legane må snakke nøye med foreldra, og dei må nøye undersøke barnet.

– Det er spesielt vanskeleg å få eit fullverdig inntrykk på telefon, og først og fremst må legen då lytte nøye til kva foreldra har å fortelje om barnet sin tilstand, seier Stensland.

– Kva konsekvensar får dette for legen?

– Det får den konsekvens at legen har fått ei tilsynssak. Legen har voren øydd til å legge fram denne saka for tilsynsmyndigheita og har fått ein klar reaksjon tilbake.

– Dette er ein type reaksjon som legar merkar seg, og vi har også bede legen om ei tilbakemelding, seier Stensland.