Hopp til innhold

Skal lette legevaktarbeidet for 30 millionar

Dei interkommunale legevaktene i Sunnfjord og Ytre Sogn og Romsdal blir pilotprosjekt for framtidas legevakter.

Legevakt

OPNA: Helseminister Bent Høie omtala Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt som truleg verdas finaste då han for eitt år sidan opna dei nye lokala.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

– Legevaktene skal vere som før, men vi skal styrke tilbodet for dei som bur langt vekk, seier kommuneoverlege i Førde, Øystein Furnes.

Det kan bety at du kjem til å møte ein sjukepleiar som kan rådføre seg med ein lege gjennom video.

Regjeringa løyver ti millionar kroner årleg dei neste tre åra til pilotprosjektet. Også Romsdal interkommunale legevakt i Molde blir pilotar.

Mange fastlegar opplever arbeidet på legevakta som belastande og fleire kommunar slit med å rekruttere legar til arbeidet.

No vil regjeringa prøve ut korleis arbeidet på legevakta kan bli mindre belastande.

– I dei delane av fylket der det er vanskar med bemanning, så har ofte unge legar ikkje god nok kompetanse til å gå legevakt aleine. I den nye piloten vil dei alltid ha ein spesialist å rådføre seg med, seier Furnes.

Pilotprosjekt

Piloten inneheld mellom anna eit forpliktande samarbeid mellom kommunar og sjukehus om akuttberedskap, aktivt bruk av moderne kommunikasjonsløysingar og at helsepersonell i vakt alltid skal kunne få støtte frå spesialist i allmennmedisin.

Viktige mål med piloten er å sikre at flest mogleg pasientar kan få behandling og omsorg nær heimen.

Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt vil prøve ut piloten i nær heile Sogn og Fjordane. Piloten dekkjer i alt 25 kommunar og ein populasjon på nær 105.000.

Romsdal interkommunale legevakt omfattar kring 45.000 innbyggjarar i kommunane Molde, Nesset, Fræna, Eide og Midsund.

– Legevaktordninga har stor betydning for innbyggjarane sin tryggleik. Vi må vere sikre på at folk får god hjelp i akutte situasjonar, seier helseminister Bent Høie (H).

For mykje og ofte arbeid

Helse- og omsorgsdepartementet har gjort ei kartlegging som viser at mange av fastlegane tykkjer at vaktene kjem for hyppig og at arbeidsmengda blir for stor når dei har legevakt.

I små kommunar kan legane oppleve det tungt å stå åleine med vanskelege vurderingar. Samarbeidet kan også bli betre mellom legevakt og sjukehus.

– I tillegg til å sjå på korleis vi kan gjere legevaktarbeidet mindre belastande, har vi starta arbeidet med å rekruttere fleire legar inn i ordninga gjennom eigne tilskot til rekruttering og eigne tilskot til utdanningsstillingar, seier Høie.

– Vil tenkje nytt

Departementet har også reetablert trepartssamarbeidet om fastlegeordninga med Legeforeininga og KS. Dei har også starta på ei evaluering av fastlegeordninga der dei ser på rammevilkåra til legane, kva oppgåver som har auka og kvifor.

– På bakgrunn av dette skal vi vurdere kva oppgåver fastlegane må ha, kva oppgåver andre kan ta over og kva oppgåver som kan løysast på betre måtar, seier Høie.

Helseministeren er glad for at legevaktene i Sunnfjord og Romsdal vil vere pilotprosjekt for noko som i praksis er eit breiare interkommunalt samarbeid enn dagens legevaktdistrikt.

– Det viser at dei er viljuge til å tenkje nytt og prøve ut nye måtar å jobbe på for å gi innbyggjarane eit godt akuttilbod i framtida, seier Høie.

– Dette er ikkje småtteri. Med 30 millionar over tre år, så er det eit solid arbeid som skal skje framover, seier Olve Grotle, som er ordførar i Førde kommune.