Hopp til innhold

Legevakta er for dyr for Balestrand

Folk i Balestrand brukar legevakttenesta minst, likevel er det Balestrand kommune som betaler mest pr. innbyggjar.

Harald N. Offerdal

- FOR DYRT: Ordførar Harald N. Offerdal vil ha ei anna fordeling av kostnadene.

Foto: Privat

No krev ordførar Harald N. Offerdal ei anna fordeling av kostnadene med legevaktsamarbeidet i ytre Sogn og Sunnfjord.

Medan Førde betaler 114 kroner pr. innbyggjar, må Balestrand ut med 331 kroner pr. innbyggjar. Før Balestrand vart med i legevaktsamarbeidet i ytre Sogn og Sunnfjord var kostnaden 220 kroner pr. innbyggjar.

130 km til legevakta

Balestrand er og den kommunen der folk har lengst avstand til legevakta som er plassert i Førde. Når Gaularfjellet er stengt er det 130 kilometer frå inst i Vetlefjorden til Førde.

– Småkommunane har prøvd å ta opp kostnadsnøkkelen, seier Offerdal til Sogn Avis.

Så langt har dei ikkje lukkast med å få til ei anna fordeling. Balestrand betaler vel 440.000 kroner i året.

– Dersom vi hadde fått ei fordeling med 75 prosent i høve til folketalet og 25 prosent fordelt likt på kommunane ville vi ha betalt rundt 105.000 kroner mindre.

(Artikkelen held fram under biletet).

Vetlefjorddalen

LANGT TIL FØRDE: Når vegen over Gaularfjellet er stengd er det 130 kilometer frå inst i Vetlefjorden til legevakta.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Legevakt åleine er uaktuelt

Balestrand hadde tidlegare legevaktsamarbeid med Høyanger, men då Høyanger i 2009 vart med i legevaktsamarbeidet i ytre Sogn og Sunnfjord hadde Balestrand ikkje anna val enn å fylgje med.

Å ha legevakt åleine er ikkje aktuelt, men ordførar Offerdal ser ikkje bort frå at det kan vere aktuelt med eit samrbeid over fjorden med Vik og Leikanger.

Dagleg leiar Helge Ulvestad i Sunnfjord og ytre Sogn interkommunale legevakt seier til Sogn Avis at kostnadsnøkkelen har vore diskutert, men at fordelinga er eit politisk spørsmål og dermed ein diskusjon kommunane imellom.