NRK Meny
Normal

Nordfjord legevakt vil kutte ned på vikarbruk

Nordfjord legevakt vil prøve å kutte ned bruken av vikarar som er knytt til legevaktordninga. Bakgrunnen er mellom anna tilsynssaka mot ein vikarlege som har vedgått at han var rusa på jobb.

Nordfjord sjukehus

VIL KUTTE: Nordfjord legevakt vil vurdere å kutte vikarbruken, og i staden nytte fleire av sine eigne. – Det er vanskeleg å sjekke vikarlegane godt nok, seier kommunalsjef i Eid, Rune Engeseth

Foto: Nyhetsspiller

Vikarlegen var tilsett gjennom Transmedica-Nordvik for å dekke ein del vakter i ein periode på to og ei halv veke. Men han returnerte til Danmark etter berre eit døgn ved legevakta, der han var rusa heile vakta.

Vikarbruken har vist seg å vere utfordrande. Og no vil kommunen vurdere organiseringa av legevakta, seier tidlegare prosjektleiar for den interkommunale legevaktordninga i Nordfjord, kommunalsjef i Eid kommune, Rune Engeseth.

– Dette er eit av temaa vi har oppe, nemleg spørsmålet korleis vi skal ha organiseringa av legevakta vår vidare framover.

Vanskeleg å sjekke vikarlegane godt nok

Frå i haust har den interkommunale legevaktordninga i Nordfjord nytta vikarar som utelukkande har vore knytt til legevakta. Det har vist seg å vere ei utfordring, seier kommunalsjefen.

Han vedgår at tilsynssaka som no går føre seg mot ein tidlegare vikar som har vedgått å vere rusa på jobb, har fått dei til å tenke.

– Vi har hatt drøftingar med legar i Nordfjord og fastlegar om korleis vi kan organisere dette utan å bruke så mykje vikarlegar, seier Engeseth.

Han seier det er vanskeleg å sjekke ut legane godt nok.

– Nærmast uansett kor mykje ein sjekkar referansar og lisensar så er det vanskeleg å kome til botnen i alle. Denne saka syner at det ikkje enkelt, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Fylkeslegen vil granske legevakta i Nordfjord etter at ein rusa lege ikkje vart tatt av vakt.

Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen 4. juli.

Vil bruke meir av sine eigne

Sidan i haust har Nordfjord nytta seg av mellom 10 og 12 vikarar frå byrået Transmedica-Nordvik, der den vikarlegen som var rusa på jobb kom frå. Kommunen har vore nøgde med dei fleste.

Men no er målet å berre bruke fastlegane og vikarane i kommunane, seier Engeseth.

– Vi må gå nokre rundar til på korleis vi kan få ei god legevakt i Nordfjord. Eg seier ikkje at ho er veldig dårleg i dag, men spørsmålet er korleis vi kan få det optimale ut av dei ressursane vi har her, seier kommunalsjefen.