Hopp til innhold

Legen trudde ho skulle føde – oppdaga svulst i staden

Maria Faye Saure frå Florø fekk ein alvorleg diagnose som er svært sjeldan for nokon i hennar alder. I kveld fortel ho historia si i programmet «Hva feiler det deg?». Det heile starta udramatisk.

Maria Faye Saure

VIL SPREIE BODSKAPEN: Maria Faye Saure håpar det kan vere til hjelp at ho står fram.

Foto: privat

– Det byrja med det eg trudde var hyppige urinvegsinfeksjonar. Eg gjekk til legen fleire gonger og fekk antibiotikakur etter antibiotikakur, seier ho.

Desse kurane hadde ingen effekt, og tida gjekk. Fordi ho ikkje opplevde situasjonen som veldig alvorleg, så tok ho det ikkje vidare. Dette endra seg då ho vart gravid. Då ho byrja å tisse blod var ho redd for at det var noko feil i svangerskapet. Men heller ikkje då vart ho undersøkt nærare.

– Eg vart sendt til legevakta, men legen tok ikkje prøve av urinen ein gong. Han gav meg berre antibiotika utan vidare undersøkingar.

Ein kamp i helsetenesta

Ingen tok tak i det, og Faye Saure trudde framleis ho fekk den hjelpa ho trong.

– Eg skjøna jo ikkje sjølv kor stort problemet var, seier ho.

Ein lege som misforstod henne var det som skulle bli nøkkelen til å finne ut kva som eigentleg var gale. Ho blei sendt til Ålesund sjukehus med mistanke om premature rier.

Men Maria Faye Saure var ikkje på veg til å føde.

– Eg møtte ein lege på ultralydavdelinga som var flink og tok jobben sin veldig seriøst. Ho såg ei lita endring i blæreveggen og bad meg om å drikke masse, og så tok me ein ultralyd til.

Legen meinte dette var alvorleg og bad Faye Saure om å insistere på vidare undersøkingar. Det gjorde Florø-kvinna.

– Eg fekk ein cystoskopi, ei undersøking av urinblæra. Så lenge det ikkje var skadeleg for ungen, seier ho.

Først då fekk ho vite at ho hadde kreft, og litt seinare fekk ho diagnosen blærekreft.

– Det var kjempetøft, det verste eg nokon gong har opplevd. Det var forsterka av at eg var gravid og skulle bli mor. Kvar gong han sparka så tenkte eg på at eg ikkje visste om eg skulle døy frå han, seier ho.

Det tok lang tid før ho klarte å snakke om diagnosen.

– Det var ein form for skam og stigma å få ei kreftform som ingen på min alder får. Eg kjende det som om kroppen svikta meg.

Maria Faye Saure

FORTEL SI HISTORIE I NRK-PROGRAM: Maria Faye Saure blir «undersøkt» av to lag som skal prøve å kome fram til rett diagnose. Her står ho saman med programleiar Kjetil Røthing Askeland.

Foto: Halvard Jakobsen / NRK

Kreftfri

Operasjonen gjekk bra, og i dag er Maria Faye Saure frisk.

– Eg var på kontroll i november, og det såg heilt fint ut. Eg var ei stund bekymra fordi eg ikkje fekk cellegift på grunn av sonen min. Men eg hadde ein lite aggressiv form for kreft, så det var heilt rett avgjerd.

Blærekreftforeningen er glad for at ho vil fortelje historia si.

– Eg vil gje ein stor takk til Maria som melde seg på «Hva feiler det deg?», seier Ranveig Røtterud, dagleg leiar i Blærekreftforeningen.

Ranveig Røtterud, dagleg leiar i Blærekreftforeningen

ALVORLEG: Ranveig Røtterud, dagleg leiar i Blærekreftforeningen, seier blærekreft er veldig alvorleg.

Foto: privat

Å få merksemd rundt sjukdomen kan vere heilt avgjerande for dei som er i risikosonen.

– Det er ein veldig alvorleg diagnose. Statistikken seier at berre i Noreg så døyr ein person kvar dag av sjukdomen, seier ho.

Ho er også cellebiolog og har forska på emnet. Ho fortel at dersom ein oppdagar blærekreft tidleg, så er sjansane for å overleve svært gode, rundt 95 prosent.

– Men særleg bør dei som røykjer og menn over 60 år vere merksame på risikoen for blærekreft. Det er den fjerde mest hyppige kreftforma for menn, seier ho.

Maria Faye Saure oppfordrar alle som oppdagar synleg blod i urinen til å ta kontakt med lege for å sjekke seg, og håpar det kan vere til hjelp at ho står fram.

– For meg var det godt å spreie bodskapen. Om det er ein einaste kvinne eller lege som ser dette og får ei aha-oppleving rundt blod i urinen, så har eg gjort noko godt for hennar eller hans pasientar, seier ho.

Maria Faye Saure er den andre pasienten i kveldens episode av «Hva feiler det deg?». Sjå heile episoden her:

Hva feiler det deg om du tisser blod og hva kan være galt om du plutselig får høy feber? Hvem klarer å finne flest riktige diagnoser, erfarne leger eller folk med nettbrett?. Programleder: Kjetil Røthing Askeland.

Kva feiler det deg om du trisser blod og kva kan vere gale om du plutseleg får høy feber? Kven klarer å finne flest riktige diagnosar, erfarne legar eller folk med nettbrett? Programleiar: Kjetil Røthing Askeland.