Lagnadsdag for sjukehuset i Lærdal, meiner Sogn Legeforum. Arkivfoto NRK.
Helse Førde må kutte 80 millionar kroner innan utgangen av 2005. Eit av tiltaka er å legge ned kirurgisk avdeling ved Lærdal sjukehus. Denne avdelinga omfattar ortopedi og blautdelskirurgi. Helse Førde vil at all kompetanse i fylket skal ligge ved sjukehusa i Førde og på Nordfjordeid.
I dag blir forslaget lagt fram for styret i Helse Førde. Alt tyder på at det blir vedteke.
– Utarming
Sogn Legeforum samlar 19 legar i Indre Sogn. Talsperson og kommunelege i Sogndal, Per Stensland meiner nedleggingane gjer at den indremedisinske avdelinga blir så liten at Lærdal sjukehus ikkje lenger kan fungere.
– Vi har aldri opplevd noko framlegg frå nokon administrasjon som så uhyre dramatisk som det vi no har fått på bordet. Dette vil føre til ei utarming og nedlegging av Lærdal sjukehus, slår Stensland fast.
Legar må flytte
Det jobbar totalt 22 personar ved kirurgisk avdeling i Lærdal. Tre av desse er kirurgar. Direktør Leif Havnen seier til NRK at dei ikkje har bruk for alle desse om avdelinga blir lagt ned.
Styreleiar i Helse Førde, Thore Torsnes seier at ingen vil misse jobben. Men fleire er nøydde til å flytte på seg.