Hopp til innhold

Lege stal morfin og var påverka på jobben

Hadde fleire pasientar inne til konsultasjon og stal over tid 42 ampullar morfin frå legesenteret. Må 36 dagar i fengsel.

Blodtrykksmåling

ILLUSTRASJON: Legen skal sjølv ha peika på manglande rutinar knytt til handteringa av legemiddel ved legesenteret. Kommunen har i ettertid hatt ein munnleg gjennomgang av rutinane med fylkesmannen, utan at det har avdekka manglar.

– Det er ei lei sak for alle involverte. Fokuset vårt er å ta vare på både den som har gjort dette og pasientane. Då er det eit godt utgangspunkt at legen har erkjent å ha gjort det, seier rådmannen i den aktuelle kommunen i Sogn og Fjordane.

Kommunen oppdaga

Kommunen fatta mistanke tidlegare i vår då interne rutinar avdekka avvik i medikamenthandteringa ved legesenteret.

Då vart det også klart at legen var påverka av morfin tilsvarande 0,2 i alkoholpromille.

– I skjerpande retning viser retten til at sikta den aktuelle dagen hadde fleire pasientar inne til konsultasjon, står det i dommen.

Rådmannen vil ikkje kommentere om legen framleis er i arbeid.

– Saka er handtert på ein god måte av kommunen. Vi melde saka til politiet og varsla fylkeslegen, som igjen varsla Helsetilsynet. No ventar vi tilbakemelding på tilsynssaka, seier rådmannen.

– Streng straff

Samla meiner tingretten at legen må sone 36 dagar. Det er uvisst om dommen blir anka.

Legen stod ikkje fram som ruspåverka, men ifølgje Helsetilsynet er ikkje misbruk av rusmiddelet i samsvar med forsvarleg verksemd som helsepersonell.

Det er lite samanliknbar rettspraksis på området. Påtalemakta viste til ei sak frå 2016 der ein kirurg, merkbart ruspåverka under operasjon, fekk 30 dagar fengsel.

– Eg tykkjer straffa er strengt. Særskilt fordi det er veldig lite praksis på området, seier advokaten til legen i ein kort kommentar.

Ikkje forsvarleg

Morfin har ifølgje Store medisinske leksikon ein sløvande effekt og kan gi ei ruskjensle med heva stemningsleie og konsentrasjonsvanskar.

Påverknaden kan svekke situasjonsforståing, konsekvensinnsikt og evne til å ta raske og rette avgjerder.

Kommunen har ikkje haldepunkt til å tru at pasientar har fått feil behandling.

– Vi har ikkje fått meldingar om det eller klager, seier rådmannen.

Har få liknande saker

Helga Arianson

SJELDAN: – Vi har heldigvis veldig få slike saker, seier fylkeslegen i Vestland, Helga Arianson.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Fylkeslegen i Vestland, Helga Arianson, stadfestar at dei har gåande ei tilsynssak mot legen. Statens helsetilsyn er også informert. Det er Helsetilsynet som gir legar åtvaringar og kallar tilbake autorisasjonar.

I fjor mista 45 legar i Noreg autorisasjonen. Dei fleste på grunn av rusmisbruk og tjuveri av legemiddel.

Ettersom tilsynet er under behandling, vil ikkje Arianson kommentere denne konkrete saka.

Av same grunn vil ho heller ikkje kommentere at legen kan ha behandla pasientar påverka av morfin, men ho seier slike saker er sjeldne.

– Legar med full autorisasjon kan kvar dag skrive ut legemiddel til pasientar og tilgangen er enkel. Systemet er basert på tillit og det er heldigvis ikkje noko stort problem med legar som stel og misbrukar legemiddel, seier fylkeslegen.