NRK Meny
Normal

Sette seg i bilen etter å ha teke sovemedisin

Vikarlegen var påverka av sovemedisin og smertestillande då han i nær 140 km/t frontkolliderte ved Bryggja i påska i fjor.

Ei kvinne er stadfesta omkomen, og to personar sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke ved Bryggja i Vågsøy.

SJÅ VIDEO: Ulukka skjedde skjærtorsdag i påska i fjor.

Mannen er tiltalt for aktlaust bildrap, og for å ha køyrt i høg fart under påverknad av zolpidem, diazepam og tramadol.

Politiet meiner påverknadsgraden tilsvara over 0,5 promille. Både zolpidem og diazepam blir nytta som sovemedisin.

– Zolpidem er mykje nytta som sovemedisin. Diazepam er beroligande medisinstoff, av typen ein finn i Valium og Vival. Tramadol er smertestillande medisin, som også blir mykje nytta, seier overlege Sigurd Hortemo ved Statens legemiddelverk.

– Nedsett reaksjonsevne

Sigurd Hortemo

OVERLEGE: Sigurd Hortemo er overlege ved Statens Legemiddelverk.

Foto: Legemiddelverket

Legen i 40-åra kom frå nattevakt då bilen han førde kom over i feil køyrefelt og krasja med ein møtande bil. Den kvinnelege føraren av denne bilen omkom. Passasjeren kom frå det utan fysiske skader. Den danske legen vart alvorleg skadd og er sterkt prega av ulukka.

Overlege Hortemo presiserer at han uttalar seg på generelt grunnlag i saka, men seier smertestillande tablettar med tramadol kan forsterke effekten av sovemedisin.

– Korleis vil desse tre medikamenta påverke ein bilførar?

– Alle desse stoffa kan gjere deg trøytt og påverke køyreevna i form av nedsett reaksjonsevne.

Kommenterer ikkje

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul Inge Angelshaug er forsvarar for den tiltalte legen frå Danmark.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Forsvarar Paul Inge Angelshaug vil ikkje kommentere spørsmål om påklienten sin bruken av medisin.

– Det er så pass detaljert at det vil eg komme tilbake til i sjølve rettssaka. Det kommenterer eg ikkje meir, seier han.

– Bestrider din klient at han har vore påverka av medikament?

– Som sagt, så pass detaljert at det vil eg ikkje gå inn på førehand. Det er ting som vil bli belyst i rettssaka.

Uvisst inntak

Det vert åtvara mot å køyre bil ved inntak av medikamenta. Kor tid legen skal ha tatt medikamenta i løpet av vakta, er førebels ukjent. Zolpidem vert nytta som kortvarig behandling av søvnlause. Tramadol vert nytta ved moderate smerte.

Trafikkulukke ved Bryggja.

KRAFTIG: Spora på ulukkesstaden vitna om ein kraftig samanstøyt.

Foto: Øystein Torheim

Ved Legemiddelverket seier Hortemo at diazepam kan sitje lenge i kroppen.

– Zolpidem og tramadol går fort ut av kroppen. Tek ein zolpidem tidleg på kveld eller når ein legg seg, så er det aller meste ute av kroppen om morgonen. Likevel er det slik at ein kan sjå verknad om morgonen, seier han.

Det er venta at rettssaka vil komme opp i Fjordane tingrett før sommarferien. Truleg mot slutten av juni.

– Kjenner seg ikkje att

I tillegg til å vere påverka, er den danske legen tiltalt for grov fartsoverskriding då ulukka skjedde. Målingar gjort på staden viser at bilen har halde ein fart på mellom 125 og 145 km/t då ulukka skjedde.

Blir mannen funnen skuldig i aktlaust bildrap risikerer han fengsel i seks år. Angelshaug seier klienten hans tek saka tungt, og at han ikkje hugsar så mykje frå den aktuelle ulukka.

– Utfordringa er som sagt at han ikkje kjenner seg att i skildringa. Dels fordi han ikkje har minne om det, men vi konstaterer at det føreligg rapport som antyder det som mogleg konklusjon, seier han.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy